Til hovedinnhold

Fagforbundet støttar autorisasjon til paramedisinarar

Helse-og omsorgsdepartementet sendte på høyring endringar i helsepersonellova om autorisasjon av paramedisinarar. Hovudformålet med autorisasjonsordninga er å ivareta tryggleiken til pasientane. Fagforbundet støttar autorisasjon til paramedisinarar.

06.07.2021 av Anne-Mari Samskott
Sist oppdatert: 06.07.2021

Autorisasjonsordninga skal sikre at helsepersonell har naudsynte kvalifikasjonar og utdanning til å utøve eit bestemt yrke. Med autorisasjonsordninga kjem retten til å nytte beskytta titlar, men også plikt til å oppfylle dei krav som finst. Formålet med tittelbeskytting er at publikum ikkje skal villeiast ved at personar nyttar titlar dei ikkje er kvalifisert til å ha.

Fagforbundet støttar autorisasjon til paramedisinarar. Det må i tillegg sikrast at ambulansearbeidarar og sjukepleiarar med vidareutdanning som nasjonal paramedic, kan søke om, og få innvilga autorisasjon som paramedisinar, etter gitte føringar. Dette av fleire grunnar; nivået på ein ambulansearbeidar eller sjukepleiar med lang erfaring og vidareutdanning som nasjonal paramedic er kvalitativt på høgde med ein person med bachelor i paramedisin. Dei som har fordjupa seg og tatt den vidareutdanninga som var tilgjengeleg før bachelor i paramedisin vart oppretta, bør få mogleik til å bli autoriserte paramedisinarar. Ved å utelate denne gruppa vil ein ved eit potensielt masterløp gå glipp av ei svært kunnskapsrik gruppe, som ikkje får mogleik til å bidra i utviklinga av faget. Ambulansearbeidarar og sjukepleiarar med vidareutdanning i nasjonal paramedic har vore pådrivarar for faget, og er rettleiarar i tenesta, og lærarar for paramedisinstudentane på utdanningane, og bør sidestillast når det gjeld autorisasjon.

Eit anna viktig moment er at den operative yrkesutøvinga i norsk ambulanseteneste per i dag ikkje er differensiert utifrå formalkompetansen, når det kjem til kva medisinske fullmakter og pasientbehandlingsansvar personellet kan inneha. Med mindre ein endrar karakter og innhald på arbeidet vesentleg, vil det framstå lite hensiktsmessig å innføre ein ny autorisasjon utan at tilsette i eksisterande paramedic-stillingar med same ansvar, arbeidsoppgåver, og funksjon, også kan tileigne seg denne. I fleire helseføretak har ein allereie sidestilt nasjonal paramedic med paramedisinarar organisatorisk og kompetansemessig. I enkelte helseføretak har arbeidsgjevar anerkjent kompetansen til tilsette med nasjonal paramedic som treårig høgskole eller tilsvarande, og løfta gruppa opp i same lønnsgruppe. Å opne for ein ny autorisasjon i tenesta utan å at det blir mogleg for tilsette i eksisterande paramedic-stillingar med same ansvar, arbeidsoppgåver og funksjon å tileigne seg denne, vil kunne føre til stor uro i tenesta og bli ei utfordring for arbeidsgjevar.

Det vil vere svært viktig å involvere partane i arbeidslivet i å utarbeide føringane for autorisasjon som paramedisinar til ambulansearbeidarar og sjukepleiarar med nasjonal paramedic-utdanning. Fagforbundet vil, som den største medlemsorganisasjonen innan dei prehospitale tenestene, stille våre ressursar og kompetanse til rådigheit i dette arbeidet.

Les heile høyringssvaret vårt her.

 

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?