Til hovedinnhold

Lokale forhandlingar

Informasjon om lokale forhandlingar, kap. 3.4 & 5, 2021.

14.09.2021 av Inge Skrede
Sist oppdatert: 14.09.2021

For arbeidstakarar som vert lønna etter Hovudtariffavtalens kapittel 5 og for leiarar som fylgjer forhandlingsbestemmelsane i kapittel 3.4, skal det gjennomførast årlege forhandlingar.

Lønnsutviklinga til arbeidstakarar i kap.3.4 og 5 må fylgja dei samme økonomiske rammene som for arbeidstakarar i kap.4.

Resultatet frå dei sentrale forhandlingane for stillingar med hovudsakleg sentrale forhandlingar (kap.4), innebar eit berekna resultat på 2,8%  i 2021.

Fagforbundet sin generelle lønspolitikk byggjer i hovudsak på at dei store gruppene skal ha rimeleg lønsutvikling, dvs oppgjera har ofte låglønsprofil. I tillegg har kompetanse og harmonisering med «like» grupper og at alle skal ha rimeleg lønsutvikling vore viktige element.

Retting av individuelle skeivheiter vil og vera viktige moment i årets forhandlingar.

Frist for levering av kravskjema 3.4 & 5 til Fagforbundet Voss, er 1. oktober.

Skjema kan sendast til fagforbundet.voss@voss.herad.no, eller leverast i luka i døra på kontoret, Uttrågata 23b.

Følg med på ytterligare informasjon på sms/e-post.

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?