Til hovedinnhold

Tariffdebatt 2022

MEDLEMSMØTE MED TARIFFDEBATT 2022

17.09.2021 av Inge Skrede
Sist oppdatert: 17.09.2021

2022 er eit hovudoppgjer og det er viktig at medlemmane kjem fram med krav dei meiner Fagforbundet skal jobba for i oppgjeret til neste år.

Gangen i dette arbeidet er som fylgjer: Medlemmane i Fagforbundet Voss skal på medlemsmøte komma fram til saker som me meiner Fagforbundet nasjonalt skal jobba med.

Desse framlegga/krava vert sendt inn til forbundsregion Vestland og blir tekne opp på tariffkonferansen me skal ha 21.okt.

På tariffkonferansen kjem det framlegg/krav frå dei aller fleste fagforeiningane i forbundsregionen Vestland, som så skal stemmast over, og dei 10-15 framlegga/krava med flest stemmer vert sendt vidare til Fagforbundet nasjonalt.

Fagforbundet Voss har frist til 1.okt med å senda inn framlegga/krava frå vår fagforeining til forbundsregionen.

Difor vil me ha eit medlemsmøte for alle medlemmer i alle tariffområde

27.september kl.18.00 på Park hotel

Ta gjerne eit klubbmøte på arbeidsplassen og diskuter, med utgangspunkt i debattheftet som er vedlagt, om de har framlegg/krav de vil fremja på medlemsmøtet vårt.

 Det vil bli servert kaffi/te og noko å bita i.

Av smittevernomsyn må me ha påmelding til dette møtet, slik at me veit kor mange som kjem.

Påmelding til olaug.kyte@voss.herad  eller SMS på mobil 41674376 innan torsdag 23.september.

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?