Gratulerer med ambulansepersonelldagen!
Gratulerer med dagen ambulansearbeidarar! Fagforbundet markerar dagen over heile landet.
21.09.2021
av
Anne-Mari Samskott
Sist oppdatert: 22.09.2021
Gratulerar så mykje med ambulansepersonelldagen! Fagforbundet er svært stolt over jobben de gjer, og over å organisere denne viktige yrkesgruppa. Vi jobbar dagleg med å betre arbeidstilhøva i ambulansetenesta. Her er ei oversikt over nokre av dei viktige sakene vi har arbeidd med i år:
- Vinteren 2021 gjekk fagbladet Ambulanseforum frå seks papirutgåver i året, til å bli heildigitalt. Fagforbundet inngjekk avtale om gratis tilgang til plussabonnement for våre medlemmer. Dette er ein super medlemsfordel.
- Storefjellkonferansen er tilbake! Endeleg blir det Storefjellkonferanse igjen, for Fagforbundet sine medlemmar innan dei prehospitale tenestene! Hald av datoane 21. – 23. mars, meir informasjon kjem!
- I vår jobba vi mykje med regjeringa sitt forslag om autorisasjon for paramedisinerar. Fagforbundet støtta dette, med vilkår om at ambulansearbeidarar og sjukepleiarar med vidareutdanning som nasjonal paramedic, kan søke om, og få innvilga autorisasjon som paramedisinar, etter gitte føringar. Dette blir ei viktig sak å fylgje opp vidare.
- Særaldersgenser er ei sak Fagforbundet har jobba mykje med det siste året. Faggruppe prehospitale tenester har kome med verdifulle yrkesfaglege bidrag.
- I vår sendte Fagforbundet Yrkesseksjon helse og sosial eit brev til Helsedirektoratet med krav om innstramming i reglane for å bli autorisert ambulansearbeidar. Nokre grupper får innvilga autorisasjon utan å måtte avlegge fagprøve. I mai hadde vi møte med Helsedirektoratet, som no vurderar å endre reglane.
- Responstid er eit tema som vi jobbar mykje med, der Fagforbundet har ei viktig rolle som pådrivar for at responstid som indikator blir brukt riktig.
- Lokalt blir det gjort ein kjempeinnsats av dyktige tillitsvalde, som i Agder der dei kjempa fram at ambulansepersonell får betalt for heile nattevakta, og i Steigen, der dei kjempar for stasjonsvakt.
Følg oss også på Facebook https://www.facebook.com/fagforbundetambulanse