Til hovedinnhold

Gladmelding til medlemmar i Balestrand

Fagforbundet Sogndal har tatt initiativ overfor Friberg kino i Balestrand og fått dei med på å fremsyne filmen «Vær her». Filmen blir satt opp heile tre gonger og Fagforbundets medlemmar går sjølvsagt gratis.

24.09.2021 av Raymond LInd
Sist oppdatert: 24.09.2021

Sogndal kommune har inngått eit samarbeid med Nasjonalforeningen for
folkehelse om å vera eit demensvennleg samfunn. Filmen «Vær her» er ein dokumentarfilm der me kjem tett på kvardagane til Jan, Mimi og Sigvald som har ulike former for demens. Filmen har blitt godt motteke og har fått gode skussmål og terningkast. 

Filmen blir satt opp heile tre gonger på Friberk kino i Balastrand på  fyljande dato:

- 01. oktober kl 18:00

- 10. oktober kl 17:00

- 24. oktober kl 20:00

I dokumentaren får me sjå korleis livet deira vert prega av leiting etter
ord, minner og gjenstandar. Kvardagen er både krevjande for dei
sjølv og deira næraste, men omsorg, samvær og musikk kan hjelpa. «Vær
her» handlar om viktigheita av relasjonar og det å vera til stades.
Demens er ein av vår tid sine folkesjukdommar. Dokumentaren er ei
varm skildring av eit vanskeleg tema.

Hugs å syna medlemsbevis ved bestilling av bilett. Medlemsbevis får du ved å lasta ned appen til Fagforbundet i Appstore eller Google Play.


Me håpar du vil nytta deg av tilbodet og at du får ei fin og lærerik kinooppleving.


Med beste helsing styret i Fagforbundet Sogndal. Avd 547 :-)

 

 

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?