Til hovedinnhold

AVVIK – ein moglegheit til forbetring!

Fagforbundet Vestland inviterer i samarbeid med Fagakademiet AOF, medlemmar til gratis nettkurs om avvik i oktober. Kurset varar i 1.5 time og du kan velja mellom to tidspunkt

29.09.2021
Sist oppdatert: 29.09.2021

Dette er eit høgst relevant kurs for alle og Fagforbundet Sogndal håpar såleis at flest mogleg av medlemmane gjør seg nytte av tilbodet.

Er du ikkje medlem og ynskjer å delta på dette og andre kurs, kan du melda deg inn her. Du blir då ein del av Norges største fagforbund og kan dra nytte av dei mange medlemsfordelane du og:-)

Kurset vert sett opp både på dag- og kveldstid. Ved påmelding, vel kva tidspunkt du ønskjer å delta på 

  1. kurs: kl. 10.00 – 11.30
  2. kurs: kl. 17.00 – 18.30

Trykk her for påmelding

Innhald:

Kurset gjev ei innføring i kvifor me skal melda avvik og uønskte hendingar, og korleis me kan læra av hendingane.

  • Ein del av det systematiske HMT-arbeidet
  • Åpenheitskultur
  • Medverknad
  • Rollene til medarbeidar, tillitsvald, verneombod og leiar

Om kurshaldaren

Leif Johnsen er Seksjonsleder for Bedriftshelsetenesta i Helse Bergen. Han har vore hovudverneombod på ulike nivå i 18 år, sist som konsernhovudverneombod i Helse Vest. Johnsen har heldt mange kurs for verneombod, tillitsvalde og leiarar innan HMT, og er forfattar av boka «Hovedverneombudet – en håndbok».

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?