– Det er ei ære å representere ungdommane
Med sine 20 år er Reidar Fugle Nordhaug er den yngste delegaten på Fagforbundets Landsmøte.
16.10.2017
av
Martine Grymyr
Sist oppdatert: 26.10.2021
Blant dei 434 valte delegatane på Fagforbundets 4. ordinære landsmøte, finn vi 20 år gamle Reidar Fugle Nordhaug frå Sogn og Fjordane. Han skil seg ut på eit møte der snittalderen er 51 år.
– Eg synst først og fremst at det er veldig kjekt å få den æra som er å få representere Sogn og Fjordane, og ungdommane som organiserer seg i Fagforbundet der. Det er vel tre år eg har vore medlem i forbundet, og når eg då allereie får moglegheit til å vere her, trur eg at det er eit teikn på ein fylkeskrets som verkeleg ynskjer å satse på ungdom, seier Nordhaug.
Klar til kamp
Landsmøtet held fram til fredag, og 20-åringen er klar for å ta fatt på mange viktige kampar.
– Det eg er aller mest oppteken av er nok prinsipp- og handlingsprogrammet. Eg er sjølv organisert i Fagforbundet grunna det verdigrunnlaget som baserer seg på nettopp omsorg, solidaritet og samhald, som talar om ein organisasjon i arbeidarrørsla som tar kampen og gjer arbeidet for at alle menneskjer skal kunne ha det godt. Verdigrunnlaget vårt er ryggraden vår, og den kan vi jaggu stå oppreist med, seier Nordhaug, og fortsett:
– Av stridstema er nok resultatet av organisasjonsprosjektet 1143 eit viktig tema. Organisasjonen må fornyast, men det kan heller ikkje gå på bekostning av lokal tilstedeværelse. Korleis det skal bli gjort veit eg slettes ikkje, men for meg handlar dette om vi som eit Fagforbund framleis skal ha den posisjonen vi har, eller om dette er slutten på den tida.
Inntek talarstolen
Nordhaug er til vanleg leiar av ungdomsutvalet i Fagforbundet Sogn og Fjordane, og denne uka gleder han seg til å innta talarstolen foran både ein fullsatt sal.
– Eg skal på talarstolen og snakke om yrkesfag og Y-vegen. Korleis skal vi forvente at framtidas arbeidstakarar skal ta yrkesfag og yrkesvegen når samfunnet ikkje prioriterer dei? Når opplæringsutstyret er utdatert og tusenvis står utan lærlingplass, og må stå å vente på å få fullføre utdanninga deira?, spør Nordhaug, og avsluttar:
– Den kampen må vi som eit forbund ta gjennom alle ledd i organisasjonen i alle ledd i samfunnet.