Til hovedinnhold

Ja til likestilt skriftmål!

IKKJE GODT NOK: Asbjørnsen og Moe byrja med fornosking av det danske språket grunna det rett og slett ikkje kunne beskriva Noregs fjordar, fjell og bruande bekker, skriv May Lise Livastøl.

IKKJE GODT NOK: Asbjørnsen og Moe byrja med fornosking av det danske språket grunna det rett og slett ikkje kunne beskriva Noregs fjordar, fjell og bruande bekker, skriv May Lise Livastøl. (Foto: Daniel Flathagen/Flickr)

Norsk språkstrid har stort sett dreia seg om skriftmålet i Noreg. Skal me ha nynorsk eller bokmål som hovedmål i skulane, spør May Lise Livastøl i denne vekas hjartesak.

25.04.2018 av -
Sist oppdatert: 26.10.2021

Det er allment kjent at me fekk det nynorske skriftmålet frå Ivar Aasen, som fekk god hjelp og støtte frå fleire norske, kjende profilar opp gjennom norsk historie. Til dømes P.A. Munch og Arne Garborg. Sjølv er eg oppvaksen i eit lite tettsted utanfor byen Sandnes, med bokmål som hovudmål. Grunna flytting i 6. klasse blei eg nærmast «kasta» ut i det nynorske målet, kor forståelsen var liten i byrjinga. Det tok meg omlag seks månadar før eg hadde kontroll på dei vanlegaste feila: skulle det vera a- eller e- ending i ordet?

Ved byrjinga av 7. klasse var eg stødig nok i målet til å båe lesa og skriva nynorsk rett. Eit år tok det meg før eg blei stødig i skriftmålet, likevel slit dei fleste 8. klassinger med sidemålet, som dessverre alt for ofte er nynorsk. Kva kjem det av? Kjem det av for få norsktimer med sidemål som hovedfokus, dårleg tilpassing eller mangel på norsklærarar? Det er mogleg at dei unge rett og slett ikkje har motivasjon til å læra eit ekstra skriftmål, då bokmål har reist seg over nynorsken og dermed nesten kan kategoriserast som hovudmål for heile Noreg.

Eg er for likestilling av skriftmåla, og det er Fagforbundet óg! For å gi litt meir informasjon om kvifor eg interesserer meg for nynorsk og kvifor ein burde likestille nynorsk og bokmål, vil eg ha ein liten «Nynorsk 101»:

Noreg 1814-1840: Kva språk skal Noreg ha?
I 1814 vart Noreg ein eigen stat med avgrensa sjølvstende i ein union med Sverige. Dette gav grunnlaget for det norske språkspørsmålet: Kva skriftmål ska Noreg bruka/e? Mange mente at dersom Noreg skulle vera ein eigen nasjon, måtte det finnast eit norsk språk. Fra før fantes det «Modersmaalet», eit skriftspråk brukt av den norske statsberande eliten. Problemet med dette skriftmålet, var at dei fleste verken snakka eller forstod dansk og, rundt 90% av befolkninga budde på bygdene og snakka dialekt.

Noreg 1840: To hovudlinjer blei skapt
Frå rundt 1840 hadde man etablert to hovudlinjer innen språkspørsmålet om kva skriftmål Noreg skulle ha. Man hadde Wergelands fornorskningslinje og Ivar Aasens målreisinglina. P.A. Much sitt forslag om eit skriftspråk basert på etomylogiske prinsipp blei raskt avskaffa.

Noreg 1840- 1930: Målreisinga
Ivar Aasen var grammatikar frå Sunnmøre og i ung alder hadde han allereie studert og skreve grammatikk over sunnmørsmålet. Grunna hans interesse og arbeid blei han tildelt eit reisestipend som skulle brukas for å kartlegga ulike dialektar rundt om i Noreg. Med dette grunnla Ivar Aasen Noregs norsk dialektologi. Ved hjelp av denne utforma han ein skriftnormal basert på forskjellige dialekter rundt om i Noreg og døypte det nye skriftmålet «landsmaal». Landsmålet blei raskt populært og vart flittig brukt rundt om i Noreg, hovudsakleg på bygdene.

Visste du? Folkehøgskulen hadde landsmål/nynorsk som språkform frå starten av.

Noreg 1878: Lov å snakka eiga dialekt
Odelstinget vedtok at barnas undervisning skulle forekomme på «børnenes eget Talesprog», ein fekk lov å snakka si eiga dialekt i skulen og slapp fra no av å normalisere talemålet etter det offesielle skriftspråket (som var dansk).

1885: Landsmål jamstilt med det danske skriftspråket.
1892: Lovfesta at dei lokale skolekrinsane skulle få velge mellom dei to skriftmåla i folkeskulen.
1902: Obligatorisk eksamen på landsmål på lærarskulen, fem år seinare også på gymnaset.

Seinare vart landsmålet meir og meir sprett rundt om i Noreg, men vart mest brukt på Vestlandet, fjellbygdene, størsteparten av Trøndelag og det indre Austlandet. I 1930 vedtok Stortinget ei lov om skriftmålbruk i statsteneste. Alle statstilsette fødde etter 1905 skulle kunne bruke begge målforma.

Visste du? Scenespråket i Noreg blei utvikla frå nynorsk!

I ei ny språkforsking ved NTNU er det kome fram at nordmenn som blir stimulert og bruker begge målformer, får mange av dei same positive fordelane som fleirspråklege personar får. Dette er eit godt eksempel på kvifor me burde få meir nynorsk inn i skulane og staten, og kvifor me skal fortsetta å ha bokmål og nynorsk som to likestilde skriftmål.

Sjølv om bokmålet nærmast blir brukt i alt av media, er det viktig å få fram at nynorsken ikkje berre er eit skriftmål som ble oppretta etter 1814, då Noreg blei ein eigen stat, men det er også eit språk som baserar seg på Noregs fargefulle dialektar. Nynorsken kan sjåast på som norsk identitet for mange, berre tenk på Asbjørnsen og Moe som i løpet av 1800-talet byrjar med fornorsking av ord grunna det danske språket rett og slett ikkje kunne beskriva Noregs fjordar, fjell og brusande bekkar.

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?