Gjennomførte medlemsmøte i Sogndal og Balestrand
Fagforbundet Sogndal gjennomførte 25. og 26 oktober medlemsmøte i Balestrand og Sogndal. Dette var fyrste medlemsmøte etter korona og nærmere 50 medlemmar tok turen.
31.10.2021
av
Raymond Lind
Sist oppdatert: 31.10.2021
Dei frammøte fekk høyre leiar, HTV og to representantar frå styret fortelje om kva som rører seg i organisasjonen og korleis lokalforeininga ynskjer å bygga ein tillitsvaltkultur på arbeidsplassane.
Leiar, Raymond Lind var såleis svært nøgd med å ynskje velkommen til heile 3 nye tillitsvalte og 2 varatillitsvalte som blei vald inn rett i forkant av møtet i Sogndal. «Vi skal ta godt vara på dykk» fortel leiar frå podiet, og fortel videre at alle tillitsvalte og styremedlemmar vil få god opplæring i dei verva som dei har tatt på seg.
Fane II ansvarleg Svein Harald Hovland og seksjonsleiar i Helse og Sosial, Siv Anett Skartun gav dei frammøtte ei innføring i «Mi side», Fagforbundsappen og «Husk kva du har» appen til LO. Dette er appar som alle medlemmane bør ha på telefonen sin, for å få ei god oversikt over medlemskap, forsikringar og andre medlemsfordelar.
HTV Siv Laila Eriksen la fram ein informativ presentasjon der me fekk høyra om nokre av dei utfordringane knytt til kommunesammenslåinga og det å måtte forholda seg til 7 rådmenn dei siste 4 åra. Dei lokale forhandlingane er avslutta og ho fortel at mykje av potten har gått til harmonisering i nye Sogndal kommune, slik at det blir lik løn for likt arbeid. Vidare er ho oppteke av å "sjå alle" og at fagforeninga skal jobbe for å vera den største og beste fagforeininga i kommunen.
I forbindelse med matserveringa bad leiar dei oppmøtte komma med innspel på korleis lokalforeininga skal bli best i vest. Fleire av dei fylkeskommunale medlemmane opplev seg ikkje sett. Andre trekk fram at dei ynsker å få varsling på SMS når lokalforeininga lagar til arrangement og andre trekk frem klubbmøter ute på arbeidsplassane. Dei innspela som kom inn blei notert ned og vil bli jobba med i styret framover.
Kvelden blei avslutta med ein informativ og morosam Fagforbundskahoot som blei vel tatt i mot av medlemmane. Stemninga var god heile kvelden og dei frammøtte gjekk heim mett og tilfreds, etter det som var det første medlemsmøte i Fagforbundet post korona.