Til hovedinnhold

Fagforbundet Sogndal gjennomførte årsmøte 1.mars

Fagforbundet Sogndal gjennomførte årsmøte 1.mars. Dei oppmøtte fekk høyre Leiar fortel om året som har gått og om dei spenstige planane fagforeninga har for 2022.

05.03.2022 av Raymond Lind
Sist oppdatert: 09.03.2022

Fagforbundet Sogndal gjennomførte årsmøte 01. mars 2022 på Quality Hotel Sogndal.

Bjørn Hatlelid frå Fagforbundet Vestland var til stades på årsmøte. Han fekk mellom anna sjå Leiar i Fagforbundet Sogndal leggje fram Årsmeldinga og ein spenstig Handlingsplan for 2022, som blei godkjent og veteke.

Årsmøtet vetok og ei gåve på 5000 kr til SOS barnebyer i Ukraina. I tillegg ble det gjort nokre små endringar i styret, honorarsatsar og korleis me vel å påskjønna dei tillitsvalte. 

Iris Helen Dale og Anne Elisbeth Lunde fekk blomer og ei flaske lokalprodusert eplemost som takk for deira bidrag, som henhodsvis kasserar og nestleiar dei siste 2 åra.

Dei blei ei enkel, men god servering og Fane II ansvarleg Svein Harald Hovland og HTV Siv Laila Eriksen stod for utlodding og eit premiedryss til dei frammøtte. Bjørn Hatlelid formidla i pausen informasjon om den nye advokatforsikringa og Tariffoppgjøret 2022 til dei frammøtte og begge våre HTV’ar blei valt for to nye år på medlemsmøte rett i forkant av årsmøtet.

Jubilantane i 2021 og 2022 vil bli heidra med eigen tilstelling hausten 2022.

Sjå vedlagt protokoll fra Årsmøtet for meir informasjon under bilda.

Alle bilda er teke av Svein Harald Hovland.

Leiar takker Iris Helen Dale for kasserarjobben dei siste åra og ynskjer henne lykke til i ny jobb med blomer og ei flaske lokalprodusert eplemost.

 

Leiar takkar Anne Lisabeth Lunde for engasjementet som nestleiar dei siste to åra

 

Bjørn Hatlelid frå Fagforbundet Vestlandet informerer om Fagforbudet si nye advokatforsikring.

 

Kennet Stigen og Keyty Planeta legg fram Valgkomiteen si innstilling

 

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?