Arbeidsmiljøprisen 2022
Fagforbundet Vestland, Utdanningsforbundet og KS deler kvart år i felleskap ut ein arbeidsmiljøpris i samband med den årlege Arbeidsmiljøkonferansen i Vestland. Konferansen til neste år er lagt til Flesland, Bergen, den 29.- 30. September 2022. Alle kommunar, fylkeskommunen, kommunale og fylkeskommunale arbeidsplassar er moglege kandidatar til prisen, heilt ned på avdelingsnivå.
11.07.2022
av
Fagforbundet Vestland
Sist oppdatert: 12.07.2022
Overordna for tildelinga av prisen er at det må vera eit samarbeidstiltak
eller eit partssamansett arbeid mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida
og at tiltaket kan stå som eit godt eksempel for andre.
Som døme på arbeidsmiljøtiltak som kan kvalifisera for prisen kan nemnast:
- Gode tiltak eller prosjekt innanfor satsingsområda for eit meir
inkluderande arbeidsliv – IA. - Livsfaseorientert personalpolitikk og eller kompetanseutvikling.
- Omstillingsarbeid eller endringsprosessar.
Alle tilsette kan føreslå kandidatar til prisen. Forslaga kan sendast KS på e-post ;
sos@ks.no
innan 05 september 2022.