Til hovedinnhold

Tur Bremanger info til dykk som skal på tur

Nedanfor følgjer litt praktisk informasjon for dykk som skal vera med på turen til Bremanger. Avreise fredag 26. august. Heimkomst 28. august.

15.08.2022 av Svein Tore Heltne
Sist oppdatert: 15.08.2022

Avreise:  

  • 16:00 frå Gaupne-busstopp ved pyramiden 
  • Stoppa og på busstoppen på Hestnes ca. 16.20.  
  • Undervegs stoppar me på Jølstraholmen ca. 30 minutt.  
  • Framme ca. 21:30.  
  • Det er ikkje bestilt felles kveldsmat/middag fredag kveld. Ein kan førehandstinge fiskesuppe med tilbehøyr på førehand. KR. 295 pr. Person. Dette må meldast til oss seinast mandag. 22. august. Til tlf. 9953 9746. 
  • Anbefaler at dei som ikkje skal ha fiskesuppe når ein kjem fram, kjøper med seg mat til fredag kveld når me stoppar på Jølstraholmen(der er både matbutikk, og kafeteria).  

Heimreise:  

  • Avreise frå Kalvåg 11:30. 
  • Lunsj Førde(Peppes Pizza kl. 14:00)(inkludert) 
  • Gaupne ca. 18.00.  

 

Laurdag:  

  • Frukost 
  • Resten av dagen disponerast etter eige ønske 
  • Felles Middag kl. 19:00 Havets Festbord(inkludert) Drikkevarer held me sjølve.  

Søndag: Frukost.  

 

Aktivitetar:  

Er diverse aktivitetar tilgjengelege i Kalvåg, men nokre av dei må førehandstingast. Td. Spa er normalt ikkje ope laurdag men held ope ved førehandstinging. Ting som båtturar/havfiske kan bestillast, men krev at fleire går i lag og bestiller på førehand. 

 

Diverse lenker til /om Kalvåg og Bremanger

Knutholmen

Visit Nordfjord-Kalvåg

kok og bad

spa/syden i Kalvåg

Flona gåtur

gåturar i UT appen/nettsida

 

 

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?