Gjennomførte medlemsmøte i Teknisk
Fagforbundet Sogndal arrangerte medlemsmøte for medlemmer innan tekniske tenester i Sogndal kommune tysdag 6. september.
07.09.2022
av
Raymond Lind
Sist oppdatert: 07.09.2022
25 medlemmar og 4 inviterte leiarar i teknisk tok turen til kommunehuset i Sogndal og fekk der informasjon av HTV Siv Laila Eriksen. Ho hadde og med seg dei to andre HTV'ane og leiar i Fagforbundet Sogndal.
Leiar i Fagforbundet Sogndal, Raymond Lind, brukte moglegheita til å snakka til leiarane og medlemmane om betydninga av gode prosesser og las mellom anna høgt frå to avsnitt i formålsparagrafen i Hovudavtalen. Siv Laila orienterte om kommunestrukturen, om dei sentrale lønnsforhandlingane og at utbetaling av desse tillegga kjem på septemberlønna. Ho kunne og informere om at ein ny tillitsvalt på reinhald var på plass. Hun heter Paulina Agnieszka Szlosarczyk og er frå Leikanger. I løpet av medlemsmøtet blei Angelica Angelica valt inn som vara. Fagforbundet Sogndal er svært glad for alle som bidreg i tillitsmannsapparatet og me ynskjer dei begge varmt velkommen.
Avslutningsvis kom det fleire spørsmål og innspel frå salen som blei drøfta og diskutert.
Fagforbundet Sogndal vil i den kommande tiden arrangere fleire medlemsmøte ute på arbeidsplassane rundt omkring i kommunen. Me planlegg og for eit felles møte open for alle no i haust, der me mellom anna får besøk av eksterne bidragsytarar og deltakarar. Meir informasjon kjem.