Dela ut nærmare 1000 refleksar på nokre timar
Refleksdagen blei markert over heile landet torsdag 22. oktober og Fagforbundet Sogndal deltok i markeringa.
29.10.2022
av
Raymond Lind
Sist oppdatert: 29.10.2022
Fagforbundet Sogndal delte ut nærmare 1000 Fagforbunds- og LO Favør refleksar på nokre timar på refleksdagen sist veke. Markeringa fann stad i Sogndal, Balestrand og Leikanger. Det var berre blide folk som kom forbi så tidleg på morgonen, seier Svein Harald Hovland. Han sit i fagforeiningsstyre som Fane II ansvarleg, men tok og på seg ein koordinerande rolle for markeringa av refleksdagen.
Målet med refleksdagen er å få folk til å bruke refleks slik at dei blir synleg i trafikken og ikkje hamnar i ei ulykke. Fagforbundet Songdal er såleis glad for å bidra lokalt til å synleggjere dei mjuke trafikantane og tilbakemeldingane me har fått har kun vore positive. Refleksane vart det ut i kommunale bustadar, i barnehagar, på aktivitetssenter, på nedsida av billaget i Sogndal og elles der kor våre folk møtte barn og vaksne rundt omkring i heile kommunen.
Det var berre blide ungar og vaksne me møtte og som mottok refleks denne dagen. Kjempekjekt å få dele ut, sei Hege Orrestad som og deltok i uttdelinga av refelksane saman med fleire andre frå styret.
Dette blei ei vellukka markering og leiar i Fagforbundet Sogndal takkar alle som deltok i markeringa:-)