Møtte statssekretæren om overgangsordning
Fagforbundet har hatt møte om overgangsordningar til paramedisin med statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (AP) i helse- og omsorgsdepartementet.
31.01.2023
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 03.02.2023
For Fagforbundet møtte mellom anna Iren Luther, leiar i yrkesseksjon helse og sosial.
– Dette er viktig for oss. Vi må anerkjenne og sikre gode ordningar for dei som allereie jobbar i tenestene, seier Luther
Ho poengterer at Fagforbundet jobba for å få på plass autorisasjonsordninga, og er nøgd med at forbundet fekk gjennomslag for dette.
– Men no må me sikre at dei med Nasjonal Paramedic-vidareutdanning og sjukepleiarar med fagbrev ikkje heng etter, slår ho fast
– Dette er folk med botnsolid fagkompetanse, og som tenestene er heilt avhengige av. Me kan ikkje leve med at det oppstår eit slags A- og B-lag mellom dei nyutdanna paramedisinarane og dei som allereie jobbar i tenestene, seier Luther
Positivt møte
Luther fekk inntrykk av at statssekretæren forstod utfordringane.
– Det er godt å ha ei regjering som faktisk ynskjer å snakke med oss. Det er forfriskande å møte politisk leiing som ikkje har bestemt seg på førehand, seier Luther
Det kom inga konklusjon i møtet, men ein er samde om å jobbe vidare og avtalte å ha eit nytt møte snart.
Hastar med avklaring om bruk av tittel
Det som kanskje hastar mest er ei avklaring av bruken av tittelen «Paramedic», som det er vanleg at dei med Nasjonal Paramedic-vidareutdanning nyttar. Lovvedtaket gir rett til å nytte denne tittelen i eitt år etter innføringa av autorisasjon, men ikkje vidare.
– Det vil opplevast som djupt urettferdig om ein blir tatt frå ein yrkestittel som ein tidelagre har nytta. Det må me unngå, og difor hastar det å få på plass ei løysing på dette, seier Luther.
Etter møtet er ho positiv til at ein skal få til dette innan fristen.
– Ikkje gløym ambulansearbeidaren
Sjølv oppe i alt arbeidet med paramedisinaren er Luther tydeleg på at ein ikkje må gløyme ambulansearbeidaren.
– Dei er ryggrada i tenesta, og det skal dei fortsetje å vere. Paramedisinaren kjem til å vere eit viktig supplement, men ikkje ei erstatning, avsluttar Luther