Til hovedinnhold

Holmøy, helsepersonellkommisjonen og tilsette i helsetenestene

Iren Luther, leder i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet

Iren Luther, leder i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet (Foto: Werner Juvik)

I et intervju med Dag og Tid går SSB forskar Erling Holmøy hardt ut imot deler av helsepersonellkommisjonens NOU. Holmøy seier me kan halde fram med å tilsette stadig fleire i helsetenestene, problemet er at hans kollegaer i SSB har grundig dokumentert at me ikkje veit heilt kor alle nye tilsette skal kome frå.

15.03.2023 av Iren Luther, leder yrkesseksjon helse og sosial
Sist oppdatert: 15.03.2023

Krevjande rekruttering

Det er krevjande å rekruttere tilsette til helsetenestene. Det er ikkje ei teoretisk problemstilling som vil møte oss ein gong i framtida, men noko me står midt oppe i no. Fagforbundet får høyre dette dageleg frå medlemmar og tillitsvalde, og det er dokumentert gjennom til dømes NAV si bedriftsundersøking. Og altså; skal me tru på Holmøy sine kollegaer i SSB så vert det ikkje enklare heller, seinast dokumentert i rapporten «Arbeidsmarkedet for helsepersonell fram mot 2040». Når dei store etterkrigskulla no når den alderen at dei treng meir helsetenester, vert det enno meir krevjande.

Heilt uavhengig av kva ein tenkjer om kva økonomien kan tole, så veit me at det allereie med dagens nivå er vanskeleg å få nok sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, portørar, helsesekretærar og anna helsepersonell. I alle fall om me tenkjer at me skal utdanne og rekruttere desse sjølv, og ikkje støvsuge nabolanda våre og fattigare EØS-land for helsepersonell som dei treng like mykje som oss.

Me kan rekruttera og utdanne fleire og betre

Debatten om kor stor del av sysselsettinga det er gagnleg at helsetenestene skal legg beslag på kan godt statistikarane og økonomane ta. Det derimot verken Holmøy eller Dag og Tid nemner, er at dei fleste av tiltaka til helsepersonellkommisjonen ikkje handlar om å stogge veksten i helsetenestene, men korleis me kan rekruttera og utdanne fleire og betre.  

Kommisjonen kjem mellom anna med framlegg om at me skal satse på fagarbeidarane, gjere det lettare for fagarbeidarane å utdanne seg vidare, jobbe betre med oppgåvedeling, nytta kompetanse rett og syte for at fleire får heil og fast stilling. Dette er gode og naudsynte framlegg for å sikre at me har ei god helseteneste òg i framtida.

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?