Mindre populært med helseutdanningar
Søkjartala for høgskular og universitet føyer seg inn i trenden med færre søkjarar til helsefag. Dette uroar Iren Luther i Fagforbundet.
03.05.2023
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 03.05.2023
I midten av mars kom tala for søkjarar til VG1 helse- og oppvekstfag. Sjølv om utdanningsprogrammet framleis er størst på yrkesfag var det ei tydeleg nedgang. No har tala for høgskular og universitet kome, og tendensen er den same.
– Dette er ikkje bra. Skal vi oppretthalde kvaliteten i helsetenestene er vi avhengige av god tilgang på fagfolk, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.
Ho er særleg uroa for tala for sjukepleiarutdanninga.
– Vi er jo vand med at det er mange fleire søkjarar enn plassar. Mange stader er det framleis det, men så har du Høgskulen i Innlandet som truleg ikkje får fylt opp tilgjengelege plassar. Då hjelp det ikkje med høge nasjonale søkjartal, seier ho
– Verdas mest givande jobb
Luther, som sjølv er utdanna både hjelpepleiar og sjukepleiar, meiner det er viktig å framsnakke yrket og tenestene.
– Å jobbe i helse- og omsorgstenesta er altså verdas mest givande jobb. Du får gjort ein reell forskjell i andre menneske sitt liv. Vi må bli flinkare til å framsnakke yrket, konstaterer Luther.
Ho meiner òg at tenestene har ein jobb å gjere i å tiltrekke seg ungdom.
– Vi må slute å lyse ut små stillingar, ingen kan leve av 17%. Deltid øydelegg det som er eit fantastisk yrke. Skal vi rekruttere ungdom må dei vite at dei kjem til å ha ein heil og fast stilling å gå til, avsluttar ho.