Merkefest
Onsdag 31. mai hadde me merkefest med middag for medlemmar med 25 og 40 års medlemskap på Klingenberg hotell.
12.06.2023
av
Jeron Joseph
Sist oppdatert: 12.06.2023
Der vart me ønskt velkommen av Ørjan Myrmel, fylkesleiar for Fagforbundet Vestland. Lene Risløw, leiar i Fagforbundet Årdal, heldt tale og delte ut merker og diplomar til 25-årsjubilantane.
40-årsjubilantane mottok LO-merke og diplom av Janne Camilla Høivik, hovudtillitsvald i Årdal kommune. Ingeborg Hjelle frå styret delte ut blomsterbukettar til alle jubilantane.
To dyktige jenter, Ingrid Molland Sanden, sang/piano og Marie Ouren Jentoftsen, kornett sto for underhaldningen.
Me i styret er nøgd med å få gjere stas på dei flotte medlemmane våre og ser fram til neste merkefest i 2024