Kvalitet i tenestene er eit val
Ein større del av befolkninga blir eldre, og med det aukar behovet for kommunale helse- og omsorgstenester. Trass i dette står nesten 30 prosent av elevane i helsearbeidarfaget utan lærekontrakt. Mange kommunar manglar ein heilskapleg plan for korleis dei skal skaffe nok kvalifisert arbeidskraft til å bemanne velferdstenestene våre når behovet vert større.
18.08.2023
av
Anna Linnea Steen
Sist oppdatert: 18.08.2023
I 2023 var det fleire søkararar til vidaregåande skule som hadde yrkesfag som førsteval enn studieførebuande fag. Det er positivt, men det bør òg forplikte. Dei som fullfører helse- og oppvekstfag vil vere sårt tiltrengt arbeidskraft for norske kommunar. Då er det heilt naudsynt at kommunane tek ansvaret sitt og sikrar at dei får nok kompetent arbeidskraft i framtida.
Fagforbundet Innlandet meiner at retten til læreplass må lovfestast. Oppretting av fleire læreplassar må følgast opp med pålegg der offentlege og private verksemder ikkje sjølv følger opp. Det finst praktiske utfordringar med ei generell lovfesting, men skal me sikre den arbeidskrafta me kjem til å trenge i framtida, må arbeidsgivarane haldast ansvarlege. Offentlege verksemder kjøper varer og tenester for store summar kvart år, og må bruke innkjøpsmakta si til å påverke private verksemder. Private som gjer ein jobb for det offentlege skal ha lærlingar tilsett, og dette må følgast opp i langt større grad enn i dag.
Det er ein tendens til å snakke om lærlingplassar som noko som må opprettast for dei unge si skuld. Dette er berre ein del av biletet. Fagforbundet Innlandet er sjølvsagt oppteken av at noverande og framtidige medlemmar får gjere ferdig utdanninga si. Men like viktig er det at kvaliteten på dei kommunale tenestene er best mogleg. For å oppnå dette treng me fleire faglærde. Behovet vil berre auke i åra som kjem. I vår kom rapporten frå helsepersonellkommisjonen. Rapporten slår fast at det kjem til å bli stor mangel på helsepersonell i åra framover. Då har me ikkje råd til at nokre av dei som ynskjer å bli helsepersonell står utan læreplass.
Me må begynne å planlegge for framtidige behov i dag. Det betyr å ta ansvar for at unge som vel eit utdanningsløp der dei kjem til å bli avgjerande arbeidskraft for kommunane, får høve til å fullføre fagbrevet.
Fagforbundet Innlandet oppfordrar medlemmane våre til å stemme på parti som tek yrkesfag og lærlingar på alvor, og som garanterer læreplass til dei som vil ha det!
Anna Linnea Steen
Leder ungdomsutvalget
Fagforbundet Innlandet