Solidaritet med ambulansepersonell i Georgia
Ambulansepersonell i Georgia protesterte mot dårlege arbeidsforhold. Arbeidsgjevar svarte med å seie dei opp. Dette er uakseptabel behandling av arbeidsfolk.
03.11.2023
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 03.11.2023
Fagforeininga som organiserer arbeidarane lanserte ein kampanje for betre lønn frå januar til mai i år. Arbeidsgjevar sin respons var å krevje at dei tilsette tok testar for å vise at dei var kvalifiserte til jobben. «Act NOW!» skriv at dei einaste som ikkje bestod testane var dei som deltok i protestane.
No krev EPSU (European Public Service Union) og den Georgiske fagforeininga at arbeidsgjevar «umiddelbart stansar undertrykkinga av helsepersonell, og går i dialog med fagforeininga».
– Eg vart veldig bekymra av det eg høyrer frå Georgia. Retten til å organisere seg og kjempe for betre arbeidsforhold er heilt grunnleggjande for eit godt arbeidsliv. Når dette er truga er det viktig at vi i fagrørsla står saman og fordømmer dette, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.
EPSU og Act NOW! har lansert ein underskriftskampanje i solidaritet med dei Georgiske arbeidarane som vart ramma. Du kan signere den på labourstartcampaigns.net.