– Skadar under øving er yrkesskadar
Partane i arbeidslivet har sendt brev til helse- og omsorgsdepartementet og bedt om at yrkesskadedekning under øving og trening kjem på plass.
03.01.2024
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 24.01.2024
– Sjølvsagt må skader som oppstår under øving og trening bli rekna som ein yrkesskade og bli dekka av forsikring, konstaterer leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, Iren Luther.
Fagforbundet har tatt opp denne saka ved fleire anledningar åleine, men no har altså
partane i arbeidslivet ved arbeidsgjevarforeininga Spekter, og fagorganisasjonane Fagforbundet, Den Norske Legeforeining, Norsk Sjukepleiarforbund og Delta gått saman og sendt eit felles brev til helse- og omsorgsdepartementet.
Uhaldbar situasjon
– Me meiner at dagens situasjon er uhaldbar. Øving er ein viktig del av jobben, og heilt naudsynt for at me skal ha ein god helseteneste. Dei tilsette må vere trygge på at viss noko skjer under øvinga så er dei dekka på same måte som under anna arbeid, seier Luther.
I brevet skriv partane at det hastar å få til eit møte om saka og å kome i gang med eit arbeid med å få ei ordning for yrkesskadedekning på plass.
– Politiet har allereie ei særordning på plass, og det er òg varsla ei ordning for brannfolk, det seier seg sjølv at me ikkje kan akseptere at helse blir ståande utanfor, avsluttar Luther.