Etterlengta satsing på barsel- og barnepleiaren
Regjeringa framhevar barsel- og barnepleiaren som viktig kompetanse i framtidas svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg.
01.03.2024
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 01.03.2024
Fredag 1. mars la helseminister Ingvild Kjerkol fram Nasjonal helse- og samhandlingsplan for 2024-2027, som er regjeringas overordna planer og tiltak for helse- og omsorgssektoren dei neste åra. Planen legg stor vekt på ei god svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg.
– Tida er overmoden for ei solid satsing på barsel- og barnepleiaren! Det er svært gledeleg at regjeringa no legg opp til dette, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet
Betre oppgåvedeling
Regjeringa legg stor vekt på betre oppgåvedeling, og framhevar dette òg spesifikt som eit satsingsområde i svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga.
– Kvinner og deira partnarar skal vere trygge på at dei får all naudsynt hjelp og oppfølging frå helsetenesta. Skal me få dette til må me ha nok fagfolk med rett kompetanse, og dei må ha tid til å utøve faget sitt, seier Luther.
Tendensen i fødselsomsorga har vore den same som i resten av sjukehusa, at ein får færre og færre fagarbeidarar.
– Dette er ikkje berekraftig. Tenestene skrik etter fagfolk. Ei satsing på barsel- og barnepleiaren vil bidra til å møte dette behovet. Det er i samarbeidet mellom yrkesgruppene, jordmødrer, gynekologar, barsel- og barnepleiarar og andre at vi får gode tenester, seier Luther.
Klar til samarbeid
Helseministeren framheva partssamarbeidet i sin tale under lanseringa.
– Fagforbundet og våre medlemmar står klare til å samarbeide om å setje planen ut i live og skape framtidas svangerskapsomsorg, og me gler oss til å kome i gang, avsluttar Luther.