Bekymra for video-retningsliner i helsetenesta
Fagforbundet uttrykkjer bekymring i høyringssvar til utkast for retningsliner for bilete-, film- og lydopptak i helsetenesta.
15.03.2024
av
Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 15.03.2024
Forslag til ny retningsline legg opp til at pasientar skal ha veldig vide rettar til å ta bilete av, filme og ta lydopptak av helsepersonell.
– Klart dette gjer oss bekymra. Vi meiner at det heilt klart kjem i konflikt med krava om eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for dei tilsette ute i tenestene, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.
Fagforbundet ber i sitt høyringssvar om at Helsedirektoratet revurderer kva ein vektlegg sterkast.
– Sosiale media har sjølvsagt gjort det daglegdags for mange å ta bilete og video av sine omgivnadar. Det må ein kunne gjere sjølv om ein er i kontakt med helsetenestene, men å inkludere dei tilsette på bilete eller video utan eksplisitt samtykke er eg svært kritisk til, seier Luther.
– Kan skade relasjonen
Fagforbundet peikar òg på at ein god relasjon mellom helsepersonell og pasientar er avhengig av tillit.
– Ein god relasjon krev ofte at helsepersonellet «gir litt av seg sjølv». At dei er «personlege, men ikkje private» som ein ofte kallar det. Denne typen frislepp vil kunne skade denne relasjonen, seier Luther.
Heile høyringssvaret til Fagforbundet kan du lese her, og forslaget frå Helsedirektoratet finn du på nettsida deira.