Uroa over søkjartal til Vg3
For tredje året på rad er det nedgang i søkjarar til læreplassar i helse- og oppvekstfag.
21.03.2024
av
Eskild Hustvedt, Ingvar Skjerve
Sist oppdatert: 02.04.2024
– Det er klart at dette uroar meg. Skal me få framtidas helseteneste til å fungere treng me at ungdom vel å bli fagarbeidarar, seier Helge Sporsheim, nestleiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.
Han har nett lese søkjartala til vidaregåande opplæring for 2024. Det er særleg tala for søkjarar til læreplass som uroar han. Samanlikna med 2023 er det ein nedgang på 10 prosent i talet på elevar som har søkt læreplass i helsearbeidarfaget.
– Det er mykje svartmaling av kva yrket inneber. Me må bli betre til å vise fram alt det flotte med å jobbe i helsetenesta! Det hjelp heller ikkje å klage over at «ungdommen ikkje har lyst», det er vår felles oppgåve å gjere yrket attraktivt for unge å søkje seg til, seier Sporsheim, som sjølv er utdanna hjelpepleiar.
Fleire fagarbeidarar
Sjølv om tala på søkjarar til Vg2 og Vg3 i helsearbeidarfaget går ned, går søkjartala til Vg1 helse- og oppvekstfag opp, og ein har den største delen søkjarar til yrkesfag sidan 2012.
– At fleire får augne opp for fagarbeidarar er gledeleg. Det kan tyde på at ein byrjar å få eit litt anna syn på yrkesfag enn det som har dominert dei siste tiåra, seier Sporsheim.
Mange elevar vel likevel å gå vidare til Vg3 påbygg for å få studiekompetanse.
– Me må vise fram at ein som helsefagarbeidar har høve til å vidareutvikle seg og ha ein karriere. Det er ikkje nokon blindveg, seier Sporsheim.
Eit fag i utvikling
Det har vore stor utvikling for helsefagarbeidaren dei siste åre. Det er ei storstilt satsing på betre oppgåvedeling, og på betre høve til etter- og vidareutdanning.
– Det har vore ei massiv utvikling dei siste åra. Det gjer at ein har heilt andre høve til å vidareutvikle seg som fagarbeidar i dag enn for berre nokre år sidan, seier Sporsheim. Han viser mellom anna til dei nye vidareutdanningane i intensivpleie og klinisk helsefagarbeid.
Til hausten er det Yrkes VM i Lyon og Norge har gode håp om medalje i mellom anna helsefag. Emma Straub, den norske deltakaren i helsefag, har allereie teke bronse i Yrkes EM i Gdansk i fjor. Sporsheim meiner at det er eit av mange bevis på kor god norsk fagutdanning er.
– Det er slikt me må fokusera meir på! Me må vise ungdom at det å ta ei helsefagleg utdanning på vidaregåande opnar mange moglegheiter. Til og med til å vinna internasjonale konkurransar, legg han til.