Til hovedinnhold

Gode søkjartal til helsefagleg høgare utdanning

Fagforbundet er nøgd med at unge søkjer seg til helsesektoren.

Fagforbundet er nøgd med at unge søkjer seg til helsesektoren. (Foto: Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN))

Høge søkjartal til helsefaglege fagskuleutdanningar og auke i søkjarar med sjukepleie på fyrste plass.

26.04.2024 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 26.04.2024

– Dette syner at det er eit stort ynskje frå praktikarane til å få spesialisert seg, seier Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Til høgare yrkesfaglege studium, altså fagskulane, er det 3 978 søkjarar til 3 145 plassar innan helsefaga.

Luther gler seg over tala og rosar regjeringa for å ha satsa meir på fagskulane.

– Men me treng enno fleire plassar, og så må me sikre at arbeidsgjevarane prioriterer og legg til rette for at tilsette kan ta etter- og vidareutdanning, seier ho.

Dei som har søkt fagskuleutdanning får svar på søknaden 25. mai, medan dei som har søkt på høgskule eller universitet får svar 20. juli.

Fleire har sjukepleie på fyrste plass

Det er 900 fleire som har vald sjukepleie som sitt fyrsteval samanlikna med 2023.

– Dette er utruleg gledeleg. Det er stort behov for sjukepleiarar framover, og så er det jo òg sånn at det er eit heilt fantastisk yrke å jobbe i, seier Luther, som sjølv er sjukepleiar.

Det er framleis somme stader i Noreg som ikkje har nok søkjarar som har studia som fyrsteval. Regjeringa har foreslått å fjerne karakterkrava i norsk og matematikk som eit tiltak for å sikre rekrutteringa.

– Fagforbundet er positive til å få fjerna karakterkrava. Dei står i vegen for mange dyktige folk som ynskjer å bidra i helsetenesta som sjukepleiarar, seier Luther.

Relaterte artikler:

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?