Til hovedinnhold

ARBEIDSMILJØPRISEN 2024

Møte, kollegaer, jobb, kontor

Møte, kollegaer, jobb, kontor (Foto: Mostphotos / OLEKSANDR LATKUN)

Alle kommunar, fylkeskommunen, kommunale og fylkeskommunale arbeidsplassar er moglege kandidatar til prisen, heilt ned på avdelingsnivå.

02.05.2024 av Jeron Joseph
Sist oppdatert: 02.05.2024

Fagforbundet Vestland, Utdanningsforbundet og KS deler kvart år i felleskap ut
ein arbeidsmiljøpris i samband med den årlege Arbeidsmiljøkonferansen i
Vestland. Konferansen til neste år er lagt til Flesland, Bergen, den 24.- 25.
September 2024.

Overordna for tildelinga av prisen er at det må vera eit samarbeidstiltak
eller eit partssamansett arbeid mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida
og at tiltaket kan stå som eit godt eksempel for andre.


Som døme på arbeidsmiljøtiltak som kan kvalifisera for prisen kan nemnast:

o Gode tiltak eller prosjekt innanfor satsingsområda for eit meir inkluderande arbeidsliv – IA.
o Livsfaseorientert personalpolitikk og eller kompetanseutvikling.
o Omstillingsarbeid eller endringsprosessar.

Alle tilsette kan føreslå kandidatar til prisen. Forslaga kan sendast KS på e-post ;
sos@ks.no innan 01 september 2024

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?