Til hovedinnhold

Ga innspel til retningsline om barnepalliasjon

– Fagforbundets medlemmer er opptekne av å yte så god omsorg for barn og unge i palliativ fase som mogleg, seier Helge Sporsheim

– Fagforbundets medlemmer er opptekne av å yte så god omsorg for barn og unge i palliativ fase som mogleg, seier Helge Sporsheim (Foto: Werner Juvik)

Fagforbundet meiner ein må samle all relevant informasjon om palliasjon til barn og unge på ein plass, og leggje til rette for etter- og vidareutdanning for fagarbeidarar.

31.05.2024 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 31.05.2024

Om lag 8 000 barn i Noreg lev med livstrugande eller livsavgrensande sjukdom.

– Det er viktig for våre medlemmar at ein legg godt til rette for at dei kan yte god omsorg for desse barna, og deira familiar, seier Helge Sporsheim, nestleiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Forbundet har nett avlevert høyringssvar om nasjonale faglege retningsliner for palliasjon til barn og unge. Nytt i den nye retningslina er at ein har fokusert på å unngå å gjenta anbefalingar som står andre stader.

– Dette gjer det litt vanskelegare å få ein god oversikt over kva som er dei faglege anbefalingane. Me meiner difor at ein må samle all relevant informasjon på ei enkelt nettside, for å gjere det enklast mogleg å få ein komplett oversikt over fagområdet, seier Sporsheim.

Han ynskjer seg òg betre tilgang på etter- og vidareutdanning på området.

– Me er svært glade for at ein, etter innspel frå Fagforbundet, fekk eiga kompetansemål om palliasjon i den nye retningslina for barsel- og barnepleiarutdanninga. Desse fagfolka kan bidra med masse innan dette feltet, seier han.

Han påpeiker likevel at barsel- og barnepleie ikkje er ei spesialisering i palliasjon.

– Det finst inga formell utdanning tilgjengeleg for fagarbeidarar som let dei spesialisere seg på palliasjon til barn og unge i dag. Me etterlyser difor at dette kjem på plass, anten ved at ein tek inn fagarbeidarar på studiet om palliasjon til barn og unge på OsloMet, eller ved at ein lagar ei eiga fagskuleutdanning, seier Sporsheim.

Givande arbeid

Leder i fagggruppa for helsefagarbeidere og hjelpepleiere, Oscar Aaslund Hovin
Helsefagarbeidar Oscar Aaslund Hovin (Foto:privat)

– Å jobbe med barn og unge er eit svært givande arbeid, seier helsefagarbeidar Oscar Aaslund Hovin.

Han jobbar med kommunale tenester til barn og unge, mellom anna dei i eit palliativt forlaup. I tillegg er han leiar for den nasjonale faggruppa for helsefagarbeidarar i Fagforbundet.

– Etter å ha arbeida med barn og unge i palliative forlaup i store deler av min yrkeskarriere ser eg eit stort behov for sikre høve til etter- og vidareutdanning i barnepalliasjon for fagarbeidarar, seier han.

Handlar om livskvalitet

– Ute i kommunane er det ofte dyktige helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og BPA-assistentar som kvar dag jobbar for å bidra til god livskvalitet i korte liv. Det er naudsynt å sikre at fagarbeidarar kan få eit reelt kompetanseløft på dette feltet, seier Hovin.

Difor meiner Hovin at ein må sikre at fagarbeidarar kan ta relevant etter- og vidareutdanning.

– Me må sikre kompetansen der barna og familiane bur, avsluttar han.

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?