Til hovedinnhold

Fjernar unaudsynt karakterkrav

Iren Luther (t.h.) er nøgd med dei nye opptakskrava. Her saman med nestleiar i LO, Sissel M. Skoghaug.

Iren Luther (t.h.) er nøgd med dei nye opptakskrava. Her saman med nestleiar i LO, Sissel M. Skoghaug. (Foto: Birgit Dannenberg / Fagforbundet)

Regjeringa har foreslått å fjerne karakterkravet i norsk og matematikk for å kome inn på sjukepleiestudiet. – Stor siger for faget, seier Iren Luther.

11.06.2024 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 11.06.2024

Regjeringa Solberg innførte i 2019 eit minstekrav på karakteren 3 i norsk og matematikk for å kome inn på sjukepleiestudiet. Dette har stått i vegen for mange som ynskja å bli sjukepleiar.

– Me meiner eit sånt krav ikkje er naudsynt, og registrerer at mange i høgskule- og universitetssektoren er samde med oss i det. At regjeringa no har lagt fram forslag om å fjerne det er ein stor siger for faget, og for oss i Fagforbundet, seier Iren Luther, sjukepleiar og leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Fagforbundet skriv i sitt høyringssvar at forbundet har tillit til at norske høgskular og universitet klarar å følgje opp og setje i verk tiltak for studentar som treng ekstra bistand for å oppfylle dei faglege krava innan norsk og matematikk, noko dei jo allereie gjer i dag.

– Me tek det for gitt at høgskular og universitet ikkje innvilgar bachelorgrad til nokon som dei meiner på ein eller anna måte er ueigna for yrket, seier Luther.

På tide med Y-veg

Fagforbundet meiner at tida no er inne for ein y-veg til sjukepleie, vernepleie og paramedisin.

– Det er på tide at me anerkjenner den store kompetansen som fagarbeidarar og andre med relevant vidaregåande utdanning har. Om ein helsefagarbeidar vil bli sjukepleiar må dei sjølvsagt få lov til det, seier Luther.

Fagforbundet har jobba for ein yrkesfagleg veg, ein såkalla «y-veg» i mange år. Idéen er tatt frå industrien kor ein kan kome inn på visse studieretningar på høgskule og universitet med eit fagbrev.

EØS-avtala ingen hindring

Det vert ofte påstått at yrkeskvalifikasjonsdirektivet som Noreg har innlemma som ein del av EØS-avtala gjer at ein ikkje kan opprette ein y-veg til sjukepleiarutdanninga. Fagforbundet bestilte difor eit notat frå utgreiar Stein Reegård om dette. Han slår fast at yrkeskvalifikasjonsdirektivet ikkje er til hinder for ein y-veg.

– No når både karakterkrav og spørsmål om EØS-avtala er rydda av vegen er det på tide at me får sett i gang med nye forsøk med y-veg. Både sjukepleie, vernepleie og paramedisin er eigna fag, slår Luther fast.

Du kan lese heile høyringssvaret til Fagforbundet på regjeringen.no.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?