Til hovedinnhold

Endeleg er overgangsordninga til paramedisin på plass!

Overgangsordninga er endra sånn at ein må oppfylle krava innan 2030, og ikkje 2022 som var det opphavlege forslaget.

Overgangsordninga er endra sånn at ein må oppfylle krava innan 2030, og ikkje 2022 som var det opphavlege forslaget. (Foto: Lars Helgerud)

Fagforbundet har fått gjennomslag for betydeleg utviding av tida ein har til å oppfylle krava. – Dette er ein gledens dag, no kjem alle som har starta på utdanninga med i ordninga, seier Iren Luther.

25.06.2024 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 27.06.2024

Overgangsordninga gir personar utan bachelorgrad i paramedisin høve til å søkje autorisasjon som paramedisinar, som ei tidsavgrensa overgangsordning på visse vilkår.

  • Ambulansearbeidarar eller sjukepleiarar med vidareutdanning i paramedisin (nasjonal paramedic) eller master i prehospitale tenester kan søkje autorisasjon når dei har oppnådd 5 års yrkeserfaring frå prehospitale tenester.
  • Personar med autorisasjon både som sjukepleiar og ambulansearbeidar kan søkje når dei har oppnådd 5 års yrkeserfaring frå prehospitale tenester.
  • All utdanning må vere påbegynt seinast 25. juni 2024 (når overgangsordninga vart vedteke).
  • Alle krav må vere oppfylt innan 1. januar 2030.

Overgangsordninga vart vedteke i statsråd 25. juni 2024.

Sjå heile forskrifta på lovdata.no

I overgangsordninga som dei har vedteke må ein oppfylle krava innan 2030, og ikkje 2022 som var det opphavlege forslaget.

– Vi er veldig nøgd med at regjeringa høyrer på oss og våre medlemmar, konstaterer Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Fagforbundet la stor vekt på at ordninga måtte endrast sånn at den omfatta alle som hadde starta på utdanninga.

– I det opphavelege forslaget var det mange som falt utanfor, utan at det hadde ein tung fagleg grunngjeving. Me ga beskjed til regjeringa om at dette var det viktigaste å ordne opp i, og det gjorde dei, seier Luther.

Sjukepleiarar med fagbrev

Ei anna gruppe som ikkje var med i det opphavelege forslaget var sjukepleiarar som hadde fagbrev i ambulansefaget.

– Det er klart at fagfolk med kombinasjonen av den solide ambulansefaglege kompetansen frå fagbrevet, og den breie kompetansen i sjukepleiarutdanninga må med i ordninga, sa Luther når Fagforbundet leverte sitt høyringssvar i mars 2024.

Regjeringa var einige med Fagforbundet, og no kan sjukepleiarar som òg har autorisasjon som ambulansearbeidar søkje autorisasjon som paramedisinar.

– Fantastisk!

Christin Haslestad, ambulansearbeidar og styremedlem i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet, er veldig glad når ho får høyre om endringane i overgangsordninga.

– Dette er jo heilt fantastisk! Det er jo gjennomslag for omtrent alt me bad om, bryt ho ut.

Haslestad har jobba mykje med overgangsordninga, både før og etter den vart offentleggjort.

– No får me satt eit endeleg punktum. Fagfolka som jobbar i tenestene i dag får anerkjenninga dei fortener, og me kan jobbe vidare med å vidareutvikle ambulansetenesta saman, avsluttar ho.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?