Til hovedinnhold

Kva skal KI gjere?

data - grafikk - kunstig intelligens - AI - robot - digitalisering

data - grafikk - kunstig intelligens - AI - robot - digitalisering (Foto: Mostphotos)

Er du lei av all hypen kring KI? Her er arrangementet for deg!

25.06.2024
Sist oppdatert: 27.06.2024

Onsdag 14.08 klokka 10.15 - 11.30 i Bankgården (4.etg) i Arendalsuka, lagar Yrkesseksjon helse og sosial og Yrkesseksjon kontor og administrasjon eit pusterom for deg som er litt lei snakket om alt KI skal løysa i helsetenesta. 

Me spør folk som faktisk kan noko om dette om kva som eigentleg er moglegheitane. Me skal sjå på  fallgruvane og dei etiske dilemmaene knytta til KI i helse. Me skal gå bak bak hypen, flosklane og hybrisen og snakke roleg og ordentleg med folk som har solid kompetanse på både helse og teknologi. 

I panelet:

Ishita Barua

Ishita er lege og har doktorgrad i kunstig intelligens i medisin. Ho er en prisbelønna KI-forskar og har mellom anna forska ved Harvard Medical School. Ho er kåra til ein av Norges 50 fremste Tech-kvinner og har skreve boken "Kunstig intelligens redder liv", som kom i fjor haust. Hun jobbar i dag som gründer og medisinsk direktør i Livv Health.

Tobias Solli Iveland

Tobias er nestleder i Yngre legers forening. Han jobber som LIS i onkologi ved St.Olavs Hospital i Trondheim og er opptatt av IT i helsetjenesten. Tobias sit  i sentralstyret til Legeforeninga og i Legeforeninga sitt IT-utvalg. 

Eskild Hustvedt

Eskild er hjelpepleiar og sjukepleiar, med store deler av sin kliniske erfaring frå kreftomsorga. Han har erfaring som tillitsvald, og jobbar i dag som rådgjevar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Han har òg bakgrunn som programvareutviklar og engasjerer seg for trygg bruk av KI i helsetenesta.

Eirik Randsborg Lie

Eirik er personvernombod i Fagforbundet. Han har over ti års erfaring med praktisk personvernarbeid, er sertifisert CIPP/E, CIPM og anerkjent som “Fellow of Information Privacy”. Han har mellom anna jobba med handtering av sensitive personopplysningar og korleis gjenbruk kan påverke tilliten mellom den registrerte og den som er behandlingsansvarleg.

Hans Torvald Haugo

Hans Torvald er generalsekretær i Norges Optikerforbund. Han har mellom anna jobba med utviklinga av EU sin bruk og organisering av helsedata sida 2020 og har også skreve for prestisjetunge The Lancet om emnet.

Ordstyrar er Ingrid Wergeland.

Ingrid jobbar i Fagforbundet si informasjonsavdeling kor ho mellom anna lagar podkasten «Heile laget».  

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?