Medlemstur 27. - 29. september
Årets medlemstur blir til Golsfjellet og Oset Fjellhotel
09.08.2024
Sist oppdatert: 12.08.2024
MEDLEMSTUR TIL OSET FJELLHOTEL 27-29 Sept 2024
Så er det tid for tur igjen, denne gongen til Oset Fjellhotell på Golsfjellet, inkludert litt aktivitetar
● 5 kamp med forskjellige aktivitetar
● Det er etablert ein natursti ned til Vannkanten, som har åpent laurdag og søndag frå kl 11-17, med småretter og forfriskingar/alle rettigheiter.
● Svømmehall med treningsrom og badstue
● Kan og leiga badstue ute, med bading i tjernet ved hotellet. Max 8 pers om gongen. Dette må kvar enkel bestilla og bet for sjølve
● Live musikk fredag og laurdag.
Meir info om hotellet finner ein her: www.oset.no
Me får weekend buffé fredag kveld, frukost og lunsj i lavvo på laurdagen og 3-retters middag eller kvelds buffé. Og brunsj før avreise søndag.
Av bestilling: Fri av bestilling innan 1.9. Etter 1.9. må ein betale heile beløpet for overnattinga sjølv. Husk legeerklæring for å væra sikkar på å få dekka utgifter over reiseforsikring. Ved evt. venteliste vil dem overta plassen og av bestillings regelen.
Det vert buss frå Odda som sist køyrer utover austsida. Vestsida og Jondal må enten koma seg til Odda eller til Kinsarvik. Nærmare beskjed om buss.
NB! Påmeldinga startar 15. august, fyrste mann t mølla, maks 60 stk. Påmelding med å sende e-post til Turid: tur@fagforbundet141.no eller fyll ut skjemaet her: https://forms.gle/TsQMrbfUcMNrMj2A8 Legg inn om du vil ha enkeltrom eller dobbeltrom (gi beskjed ved påmelding kven du deler rom med).
Eigenandel kr 1500,- Eigenandel betaler ein inn når påmelding er blitt bekrefta.
Me gleda oss til tur saman med dykk,
Helsing frå Styret og tur leiinga i Fagforbundet Indre Hardanger avd. 141.