Til hovedinnhold

Hovudtillitsvalgt

Fane

Fane (Foto: Inge Skrede)

13.08.2024 av Inge Skrede
Sist oppdatert: 13.08.2024

Engasjerer du deg for rettar og plikter i arbeidslivet?

Ynskjer du å vera med og påverka?

I samband med at HTV Theresa Wallevik går over i ein ny stilling ved biblioteket, er det ledig eit verv som hovudtillitsvald i 100%.

Me vel å senda ut ei oppmoding til alle medlemer i KS-området, som kan tenkja seg å stilla til dette vervet, om å melda si interesse.  Det er ein føremon om du har vore tillitsvald og gjennomført tillitsvaldopplæring, men det er ikkje eit krav.

Om du ynskjer meir informasjon om kva vervet inneber, kan du ta kontakt med Leiar/HTV Olaug Kyte eller HTV Theresa Wallevik (sjå kontaktinfo nederst).

Dei som kan tenkja seg å stilla til dette vervet, melder si interesse til leiar i valnemnda; Kirsten Øvrebø, kirstenovrebo@gmail.com, 40825302 innan mandag 26.august. Det er og mogleg å føreslå kandidatar til valnemnda, men desse må vera førespurde først.

Prosessen vidare vil vera at valnemnda, saman med leiar i fagforeininga og HTV, vurderer innkomne svar og tek ein samtale med dei aktuelle kandidatane. Dette er ein uformell samtale der me ynskjer at alle kandidatane skal få god informasjon om kva jobben går ut på, og der valnemnda får vita meir om den enkelte kandidaten og eventuelle tankar vedkomande har kring vervet. Etter samtalen må den enkelte kandidat bestemma seg for om hen ynskjer å vera med vidare i prosessen. Valnemnda lagar så ei innstilling til valmøtet med dei kandidatane som ynskjer å gå vidare. Innstillinga vert lagt fram på valmøte for medlemar i KS mandag 9.september (innkalling kjem seinare), som føretek valet. Valperioden er 2 år (t.o.m 31.12.26), og startdato avklarast med vedkomande sin leiar og arbeidsplass.

Kontaktinfo til Leiar/HTV:

Olaug Kyte, mobil: 41 67 43 76

Epost: olaug.kyte@voss.herad.no

HTV

Theresa Wallevik, mobil: 41 86 30 32

Epost: theresa.wallevik@voss.herad.no

Med vennleg helsing

Olaug Kyte
Leiar, avd.219 Fagforbundet Voss
41674376
olaug.kyte@voss.herad.no
 Voss (fagforbundet.no)

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?