Til hovedinnhold

Lokale forhandlingar

Lokale forhandlingar KS Kap. 4 2024

16.08.2024 av Inge Skrede
Sist oppdatert: 16.08.2024

I årets sentrale lønsoppgjer vart det sett av 1,1 % av lønsmassen til lokale forhandlingar i 2024, og lønstillegg skal gjevast med verknad frå 1.oktober 2024.

I sentralt oppgjer om våren får alle eit tillegg. I lokale forhandlingar er det hovudsakleg grupper som vert prioriterte, men alle kan senda inn individuelle krav. Individuelle krav kan føra til gruppekrav . Dette vert vurdert og handsama i forhandlingsutvalet. Difor vil det variere frå gong til gong kva gruppe eller individuelle medlemer som får tillegg i lokale forhandlingar, utifrå føringar.

Fagforbundet sin generelle lønspolitikk byggjer i hovudsak på at dei store gruppene skal ha rimeleg lønsutvikling, dvs oppgjera har ofte låglønsprofil. I tillegg har kompetanse og harmonisering med «like» grupper og at alle skal ha rimeleg lønsutvikling vore viktige element.

Retting av individuelle skeivheiter vil og vera viktige moment i årets forhandlingar.

Frist for levering av kravskjema til Fagforbundet Voss, er 1.september.

Skjema kan sendast til fagforbundet.voss@voss.herad.no, eller leverast i luka i døra på kontoret, Uttrågata 23b.

Forhandlingsdatoar er sett til 1.-4.oktober. Det er arbeidsgjevar som skal informera om resultatet av forhandlingane, og dette vert gjort så snart forhandlingane ferdig og protokollar er underskrivne.

Kravskjema og frist for kap.3 & 5 vil koma seinare.

Følg med på ytterlegare informasjon på sms/e-post.

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?