Til hovedinnhold

Andrea konkurrerer i frisør-VM

Andrea i gang med ei oppgåve på yrkes-VM i Lyon

Andrea i gang med ei oppgåve på yrkes-VM i Lyon (Foto: WorldSkills Norway)

På yrkes-VM i Lyon, Frankrike snakka me med Andrea Smeby (19) som er Noregs utøvar i frisørfaget.

12.09.2024 av Eskild Hustvedt
Sist oppdatert: 18.09.2024

Andrea Smevik, frisør på yrkeslandslaget
Andrea Smeby, frisør på yrkeslandslaget (Foto: WorldSkills Norway)

På yrkes-VM konkurrerer dei beste, unge fagfolka frå heile verda om å bli verdsmeister i sitt fag. Andrea Smeby konkurrerer om verdsmeister-tittelen i frisørfaget. Me møter ho på sjølvaste frisørdagen, 12. september.

Me startar med å gratulere med dagen, og spør korleis ho synst det har gått til no.

– Til no synst eg det har gått bra. Overraskande bra, seier ho og smilar.

Andrea konkurrerte òg i yrkes-EM som vart arrangert i Gdansk i 2023.

– Yrkes-VM blir ein del av det same, men lettare sidan ein har vore gjennom ein runde før. Det er lettare å halde hovudet kaldt. Ein har vore der før, har opplevd alle menneska som står og ser på deg, og veit korleis ting fungerer. Krava sit òg betre og så hugsar ein forhåpentlegvis alle feila ein gjorde i fjor og så gjer ein ikkje det i år, seier ho.

For korleis er det eigentleg å stå og konsentrere seg når det stadig kjem ungdommar forbi som ser på?

– Veldig stas, veldig gøy. Blir litt ekstra skjerpa, for ein vil jo ikkje drite seg ut framfor dei, svarar ho.

Å tole å gjere feil

Til ungdom som ynskjer å konkurrere er det særleg ein ting Andrea meiner er viktig.

– Ein må tole å gjere feil og få kritikk. Å ikkje gå ned i kjellaren fyrste gang det ikkje går din veg eller ikkje går bra, men heller bruke det til å bli motivert og jobbe hardare og terpe, og ikkje gi seg sjølv om ting går dårleg.

Eit fag med moglegheiter

Andrea kjem med ei varm anbefaling til ungdom som vurderer å bli frisør.

– Det er eit veldig fint yrke. Veldig kreativt og ein har mange moglegheiter til å jobbe der ein vil. Det er mange høve til å vidareutdanne seg etter ei vanleg frisørutdanning. Ein kan jobbe innan teater, kan ta ein makeuputdanning - kan bli makeup-artist med hår, spesialisere seg på fargar, brud, klipp - mange retningar å gå som folk ikkje tenkjer på, avsluttar ho.

Me heier sjølvsagt på Andrea og gler oss til å sjå meir av ho i yrkes-VM. Resultata kjem på kvelden, sundag 15. september. Medaljesermonien kan du sjå direkte på YouTube kl. 18:30 den 15. september.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?