Til hovedinnhold

Mahdy representerer Palestina i yrkes-VM

Mahdy i gang med å arbeide under konkurransen i Lyon

Mahdy i gang med å arbeide under konkurransen i Lyon (Foto: WorldSkills)

Fagforbundet møtte det Palestinske laget på yrkes-VM i Lyon.

13.09.2024 av Eskild Hustvedt og Ingvar Skjerve
Sist oppdatert: 18.09.2024

Akram Hijai, Palestinsk delegat til yrkes-VM
Akram Hijai, Palestinsk delegat til yrkes-VM (Foto: Ingvar Skjerve)

Frå 10. til 15. september er det yrkes-VM i Lyon. Me møtte med Palestina sitt lag.

– Å kome hit var veldig vanskeleg, seier Akram Hijai, som er delegat for Palestina. Han seier at det var mange hindringar på vegen frå Palestina til Frankrike, men dei er veldig glade for å vere her.

På opningsseremonien la me merke til at Palestina fekk mest applaus av alle.

 – Det var fantastisk. Laget vårt er berre seks personar. Ein utøvar, og ein teamleder. Så under seremonien var det berre to personar frå Palestina, men reaksjonen frå publikum var flott, og seremonien var imponerande, seier han.

Optimistisk utøvar

Mahdy Abusarhan er utøvaren frå Palestina. Han konkurrerer i elektrikarfaget. Me spør han korleis han synst det går.

– Det er perfekt. Det går veldig bra!, seier han gjennom tolken sin.

Dette er Mahdy sin fyrste gang på ein så stor konkurranse. Den einaste han har deltatt på før var det nasjonale meisterskapet i Palestina, kor han vant. Han seier at han fyrst var litt nervøs, men at det har gått over og at han no synst ting går veldig bra. Han har òg ein god tone med dei andre utøvarane, til trass for at språkbarrieren er ein utfordring.

Vanskeleg veg til VM

Muhammed Abualzir (t.v.), den Palestinske teamledaren, og Mahdy Abusarhan (t.h.), den Palestinske utøvaren.
Muhammed Abualzir (t.v.), den Palestinske teamledaren, og Mahdy Abusarhan (t.h.), den Palestinske utøvaren. (Foto: Eskild Hustvedt)

– Me gjorde vårt beste før konkurransen. Mahdy hadde berre seks månadar på å trene – ikkje to år sånn som mange andre, seier Akram.

Situasjonen i Palestina er utfordrande, men dei gjorde alt dei kunne for å kunne stille i konkurransen.

– Me hadde ein nasjonal konkurranse under svært vanskelege forhold. Der vann Mahdy. Etter det trente me han lokalt, men forholda var utfordrande. Me hadde ikkje materialar eller verktøy. Ingenting som kunne hjelpe han med å nå nivået til de han skulle konkurrere mote, seier han.

Dei fekk hjelp frå to andre land med å trene Mahdy.

– Kina ga oss eit tre-dagars kurs på nett, som var bra. Etter det fekk me hjelp av Malaysia. Mahdy fekk reise dit i to veker, og fekk då meir erfaring, og tid til å bli kjend med verktøy og utstyr, seier han.

Til slutt spør me Mahdy om planar for framtida.

– Eg ynskjer å fullføre utdanninga til å bli ein elektrikar, og så har eg lyst til å trene andre elevar til å òg kunne delta i yrkes-VM, avsluttar Mahdy.

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?