Til hovedinnhold

Lokale forhandlingar

Lokale forhandlingar

Lokale forhandlingar (Foto: Fagforbundet)

Lokale forhandlingar 2024 KS – HTA Kapittel 3 & 5

17.09.2024 av Inge Skrede
Sist oppdatert: 17.09.2024

For arbeidstakarar som vert lønna etter Hovudtariffavtalens kapittel 5 og for leiarar som fylgjer forhandlingsbestemmelsane i kapittel 3, skal det gjennomførast årlege forhandlingar. 

Lønnsutviklinga til arbeidstakarar i kap.3 og 5 må fylgja dei samme økonomiske rammene som for arbeidstakarar i kap.4. 

Resultatet frå dei sentrale forhandlingane for stillingar med hovudsakleg sentrale forhandlingar (kap.4), innebar eit totalt berekna resultat på 5,2% i 2024. 

Fagforbundet sin generelle lønspolitikk byggjer i hovudsak på at dei store gruppene skal ha rimeleg lønsutvikling, dvs oppgjera har ofte låglønsprofil. I tillegg har kompetanse og harmonisering med «like» grupper og at alle skal ha rimeleg lønsutvikling vore viktige element. 

Retting av individuelle skeivheiter vil og vera viktige moment i årets forhandlingar. 

Frist for levering av kravskjema 3 & 5 til Fagforbundet Voss, er 1. Oktober. 

Vidare saksgang: 

  • 7.okt: drøftingsmøte 
  • 16.okt: forhandlingsutvalet i Fagforbundet leverer kravskjema til      

                       arbeidsgjevar 

  • 4.nov: opningstilbod frå arbeidsgjevar 
  • 7.-8.nov: forhandlingar med arbeidsgjevar 

Etter forhandlingane er ferdig, er det arbeidsgjevar som først informerer tilsette om resultatet.  

Virkningstidspunkt er normalt 1.mai, dersom ikkje partane lokalt avtalar noko anna. 

Skjema kan sendast til fagforbundet.voss@voss.herad.no, eller leverast i luka i døra på kontoret, Uttrågata 23b. 

Følg med på evt. ytterlegare informasjon på sms/e-post. 

Relaterte dokumenter:

;
Hei, jeg heter Frøya. Hva kan jeg hjelpe med?