Til hovedinnhold

Yrkeskonkurranser

Du har sikkert høyrd om konkurransar for kokkar, men visste du at ein har konkurransar for andre fag òg? Yrkeskonkurransar er ein måte for unge, dyktige fagfolk å vise fram faget sitt. Konkurransane skal bidra til rekruttering og synleggjering av yrkesfag, og bidra til det som vert kalla «fremragande yrkesutøving». Fagforbundet er særleg engasjert i yrkeskonkurransane i helsearbeidarfaget.

I Noreg er det organisasjonen WorldSkills Norway (WSN) som arrangerer konkurransane. Dei arrangerer kvart år noregsmeisterskapa Skule-NM og Yrkes-NM. Yrkeslandskapet, som oftast består av vinnarane av yrkes-NM, deltek i dei internasjonale konkurransane yrkes-VM og yrkes-EM, som vert arrangert annakvart år.

Yrkeskonkurransar i helsefag nyttar casar som utøvarane skal løyse. Sjå eit eksempel på case.

Yrkes-NM 2025

Yrkes-NM vert arrangert i Førde i 2025. Der konkurrerer ungdom i 10 ulike fag om ein plass på yrkeslandslaget.

Yrkes-EM 2025

Emma Straub deltar i yrkes-EM / EuroSkills i Gdansk som helsefagarbeiderlærling.
Emma Straub var Noregs deltakar på yrkes-EM i 2023. (Foto: Worldskills / Euroskills)

Hausten 2025 er det yrkes-EM i Herning i Danmark. Vinnaren av yrkes-NM vil representere Noreg.

Du kan lese meir om yrkes-EM hos WorldSkills Norway.

 

Meir om yrkeskonkurransar

Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?