Til hovedinnhold

Steminingsrapport frå Sao Paulo laurdag

Randi og Jenny reflekterer over konkurransen - på Norsk aften, downtown Sao Paulo

Randi og Jenny reflekterer over konkurransen - på Norsk aften, downtown Sao Paulo (Foto: Tonje Thorbjørnsen)

Tonje Thorbjørnsen er i Sao Paulo og følger Jenny i WorldSkills. Tonje har sendt en stemningsrapport etter lørdag, som er siste konkurransedag.

16.08.2015 av Tonje Thorbjørnsen
Sist oppdatert: 16.08.2015

Siste konkurransedag. Alle begynner å bli slitne. Det har vore krevjande oppgåver og lange dagar. Det stillest store krav til konsentrasjon og fokus. Mange er flinke og marginar kan avgjere kven som til slutt når heilt opp. Jenny har vore kjempedyktig! Ho har ei nydeleg framtoning og ein veldig god kommunikasjon med pasientane. Roleg og empatisk, men effektiv.

Lyden er alltid ein kritisk faktor i yrkeskonkurransene i helsearbeidarfaget og lydproblem har også ramma Jenny. Heldigvis løyste det seg. I dei to siste øktene skal ho vise sine evner til å informere og kommunisere med pasienten. Ho bistår ei ung kvinne som nettopp har fått påvist astma. Som alltid går praten lett og engelsken er upåklagelig.

Vi i den norske "helsefagarbeidardelegasjonen" er kjempestolte av Jenny. Vi må vente til i avslutningsseremonien i morgon før vi veit korleis det har gått og vi er sjølvsagt enormt spente. Ho var sliten men ved godt mot då vi fekk ein kort prat med henne litt tidlegare. Heia Jenny!!

                            

Medaljeseremonien søndag kveld streames live.

Se bilder fra WorldSkills

Les alt om WorldSkills2015

;
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?