Kommunikasjonsarbeidet til Fagforbundet skal bidra til å gi medlemmene og tillitsvalde innverknad på samfunnsutviklinga og makt over lønns-, pensjons og arbeidsvilkår. Kommunikasjonstiltaka skal nyttast til å verve nye medlemmer og bygge organisasjon, slik at tariffmakta til medlemmene og forbundet blir større. Det er eit mål for dette arbeidet at Fagforbundet skal stå fram som eit sterkt og samla forbund, men også som eit stort forbund med eit mangfald av yrkesgrupper, interesser og meiningar.
Gjennom ulike kommunikasjonstiltak skal Fagforbundet gi medlemmene og samfunnet elles informasjon om viktige spørsmål i arbeids- og samfunnslivet, og forbundets syn på desse. Samtidig skal kommunikasjonsarbeidet gi Fagforbundet, og samfunnet elles, innsyn i yrka, arbeidssituasjonen, interessene og synspunkta til medlemmene. Kommunikasjonen skal vera mangfaldig, men også samanhengande og til å kjenne igjen, både i form og innhald. All munnleg og skriftleg kommunikasjon i Fagforbundet skal vera forståeleg for medlemmene.
Fagforbundet står framfor eit digitalt løft. I åra som kjem vil det bli etablert nye måtar å organisere seg på, nye måtar å kommunisere på og nye måtar å skape fellesskap i klubbar på.
Dette føreset at Fagforbundet tar i bruk ny teknologi og utforskar korleis teknologien kan styrke fagforeiningane og dei tillitsvalde.
Fagforbundet skal kommunisere gjennom dei kanalane som medlemmene nyttar. I ei tid der medlemmene tar i bruk nye kommunikasjonskanalar, skal forbundet utvikle tilbodet vårt. Dei tillitsvalde skal få kunnskap og verktøy som gjer det lettare å nå ut til medlemmene og samfunnet elles.
Landsstyret i Fagforbundet har i Strategiplanen for 2022 vedtatt å prioritere fem saksfelt eller område, noko som også skal prege kommunikasjonsarbeidet. Dei prioriterte områda er:
- Heiltid, likelønn og kampen mot auka forskjellar
- Offentlege tenester med eigne tilsette
- Organisasjonsbygging og tariffmakt
- Fag-, yrkes- og kompetanseutvikling
- Klima og miljø
Viktige hendingar i 2022 og 2023 vil også prege kommunikasjonsarbeidet til Fagforbundet:
- Hovudtariffoppgjeret i 2022 og mellomoppgjeret i 2023
- Tariffkampanje i 2022
- LO-kongressen i 2022
- Fagforbundsvekene og tillitsvaldvekene i 2022 og 2023
- Landskonferansane for ungdom, pensjonistar og yrkesseksjonar i 2022
- Landsmøtet i Fagforbundet i 2022
- Fylkes- og kommunevalkampen i 2023
Medlemmene og dei tillitsvalde er dei viktigaste målgruppene for kommunikasjonsarbeidet. Dei skal få informasjon om kva rettar dei har, korleis Fagforbundet arbeider for deira interesser og kva syn forbundet har på ulike saker. Dessutan skal organisasjonen få informasjon om kva medlemmene og dei tillitsvalde meiner.
Fagforbundet skal drive kommunikasjonsarbeid retta mot:
- medlemmer og tillitsvalde
- potensielle medlemmer, for å styrke organisasjonen og makta til medlemmene.
- folk flest, for å auke kjennskapen til arbeidssituasjonen til medlemmene og auke støtta til synspunkta til Fagforbundet.
- styresmaktene, for å styrke gjennomslaget for politikken til Fagforbundet nasjonalt, regionalt og lokalt.
- samarbeidande organisasjonar, for å bygge alliansar som gir Fagforbundet styrkt innverknad på samfunnsutviklinga.
- arbeidsgivarorganisasjonar, for å gi Fagforbundet større tariffmakt.
Fagforbundet Ung har eigen kommunikasjonsstrategi.
Det viktigaste kommunikasjonsarbeidet til Fagforbundet skjer mellom dei tillitsvalde og medlemmene, både gjennom direkte kontakt og ulike kommunikasjonskanalar. Derfor skal det leggast til rette for at denne kommunikasjonen skal bli enda betre, blant anna ved at dei tillitsvalde får god informasjon, opplæring og verktøy for å drive arbeidet sitt.
Medlemmene meiner at e-post og kontakt med tillitsvalde er dei viktigaste kanalane for informasjon frå forbundet, viser medlemsundersøkinga. E-post er ein effektiv og rimeleg måte å nå ut til medlemmene, men kan også oppfattast som pågåande. Fagforbundet nasjonalt sender sjeldan ut e-post retta til alle medlemmene, og det er grunn til å tru at bruken av e-post som kommunikasjonskanal skjer i varierande grad frå forbundsregionar og foreiningar. Fagforbundet har i dag e-postadressene til rundt 300 000 medlemmer, og for å kunne nå alle med e-post, er det ønskeleg å få korrekte adresser til så mange som mogleg. Dette er også viktig fordi personvernlovgivinga gjer det vanskeleg å nytte medlemslister til å nå medlemmene gjennom sosiale media.
Den direkte kontakten mellom tillitsvalde og medlemmer blir betre dersom tillitsvalde har tilgang til informasjonsmateriell som brosjyrar og løpesetlar. Dette er også sentralt i kontakt med potensielle medlemmer. Fleire av organisasjonsledda i Fagforbundet gir i dag ut eigne nyheitsbrev på e-post, særleg retta mot tillitsvalde og ulike yrkesgrupper. Dette gjeld blant anna Fagbladet, Oss tillitsvalgte, dei fire yrkesseksjonane og fleire lokale foreiningar.
Medlemsportalen er ein kommunikasjonskanal som gjer det lettare for medlemmene å hjelpe seg sjølve, noko som reduserer presset på Servicesenteret. Portalen inneheld også effektive verktøy for tillitsvalde, for eksempel for å sende sms/e-post til medlemmene, lage materiell, halde kurs og gjennomføre arbeidsplassbesøk. I 2020 vart det sendt om lag 400 000 tekstmeldingar og 1500 e-postar til over 900 000 mottakarar med desse verktøya.
Tiltak
Fagforbundet skal:
- produsere trykksaker og informasjonsmateriell som gjer at Fagforbundet er lett å kjenne igjen, og som har høg kvalitet på tekst, illustrasjonar/foto og grafisk utforming,
- fornye, bygge opp og vedlikehalde fotoarkiv som kan nyttast av ulike organisasjonsledd.
- sende medlemmene e-post med informasjon frå Fagforbundet i dei samanhengar det er ønskeleg. Det blir utarbeidd ein plan for systematisk bruk av e-post i kommunikasjonen med medlemmene, både på nasjonalt og lokalt plan.
- skaffe e-postadressene til fleire av medlemmene.
- få godkjenning frå medlemmene til å kunne kommunisere med dei gjennom sosiale media, blant anna i samband med innmelding.
- nytte e-post til direkte informasjon til medlemmene om tariffoppgjera deira, som eit supplement til tariffplakatar og annan informasjon som går via dei tillitsvalde.
- utvikle malar og andre hjelpemiddel som gjer det lettare for tillitsvalde i forbundsregionar, foreiningar og andre organisasjonsledd å publisere nyheitsbrev.
- gi tillitsvalde tilbod om kommunikasjonskurs som blant anna skal gi opplæring i kommunikasjon retta mot eigne medlemmer gjennom ulike kanalar.
- betre innhaldet i medlemsportalen.
- fornye og forbetre tillitsvaldportalen
- utvikle digitale verktøy for direkte kontakt mellom tillitsvalde og medlemmer, det skal inkludere å utvide ringeprosjektet fra valkampen i 2021 det løpende organisasjonsarbeidet.
Fagbladet er hovudkanalen for Fagforbundet for å nå ut til alle medlemmene, ved sidan av kontakten mellom tillitsvalde og medlemmer. Papirutgåva når ut til alle medlemmer på papir ti gonger i året, og i tillegg blir saker publisert dagleg på fagbladet.no og i Fagbladets nyheitsbrev, som går til 120 000 mottakarar. Fagbladet tar i stor grad opp saker som gjeld medlemmene og saker som er viktige for forbundet. Ni av ti medlemmer har ganske høg eller svært høg tillit til innhaldet i Fagbladet.
Fagbladet blir styrt etter redaktørplakaten, som inneber at det er redaktøren som avgjer kva som skal bli publisert. Dette betyr at Fagforbundet må behandle Fagbladet som eit journalistisk uavhengig medium. Likevel er Fagbladet viktigare for kommunikasjonsarbeidet til Fagforbundet enn andre medium, fordi bladet når ut til alle medlemmer og fordi redaksjonen er meir opptatt av forbundet og medlemmene våre enn andre. Dessutan er det Fagforbundet som legg dei økonomiske rammene for verksemda til Fagbladet.
Fagbladet har høg journalistisk kvalitet, og bidrar også til at saker om forbundet og medlemmene blir spreidd til eit breiare publikum via sosiale media og gjennom samarbeidet med frifagbevegelse.no.
Tiltak
Fagforbundet skal:
- sørge for at Fagbladet kjem ut til alle medlemmene på papir ti gonger i året.
- bidra til at det blir utvikla ein god digital versjon av Fagbladet, som eit tilbod til dei som ikkje ønsker å få tilsendt papirutgåva. På sikt er det ønskeleg at fleire vel å få Fagbladet digitalt, av miljømessige og økonomiske grunnar.
- gi Fagbladet høve til å utvikle digital publisering retta mot medlemmene i ulike kanalar.
- formidle tips og innspel til Fagbladet om saker og forhold som betyr mykje for medlemmene.
Oss tillitsvalgte er ein viktig kanal for å nå ut til meir enn 18 000 tillitsvalde i Fagforbundet. Bladet skal bidra til å gjera dei tillitsvalde betre rusta til å utøve verva sine, ved å formidle informasjon om konkrete, praktiske og politiske saker knytt til Fagforbundet. I motsetning til Fagbladet, blir ikkje Oss tillitsvalgte styrt etter redaktørplakaten, noko som betyr at forbundet har større innverknad på innhaldet i bladet. Nær ni av ti tillitsvalde les Oss tillitsvalgte, viser medlemsundersøkinga.
Papirutgåva kjem ut til alle tillitsvalde ti gonger i året, og desse utgåvene er også tilgjengeleg elektronisk via ein app. App-løysinga gjer at ein kan redusere frekvensen på papirutgåva av Oss tillitsvalgte, og frigjera betydelege beløp ved elektronisk publisering. Nyheitsbrevet Oss tillitvalgte blir til vanleg sendt ut ein gong i veka til nær 30 000 mottakarar, hovudsakleg tillitsvalde og aktive medlemmer.
Tiltak:
Fagforbundet skal:
- arbeide for at fleire går over til å lesa Oss tillitsvalgte digitalt, av økonomiske og miljømessige grunnar. For å oppnå dette, kan frekvensen av papirutgåva bli redusert gradvis fra 2022.
- gjennomføre ei lesarundersøking i 2022.
Nettsidene er ein stadig viktigare del av kommunikasjonsarbeidet til Fagforbundet, fordi medlemmene har auka bruken og nyttar nettet dagleg. Samla har Fagforbundet 421 ulike nettstader med meir enn sju millionar sidevisingar årleg, noko som omfattar fagforbundet.no, sidene til forbundsregionane og foreiningane. Medievaneundersøkinga til LO tyder på at over 90 prosent av medlemmene meiner at nettsida til forbundet i «stor» eller «noen grad» inneheld informasjonen dei treng.
Strategien bak fagforbundet.no er å:
- hjelpe medlemmer med å forstå og ta hand om eigne lønns- og arbeidsvilkår.
- hjelpe tillitsvalde til å hjelpe medlemmer.
- synleggjera politikken til Fagforbundet for medlemmer, tillitsvalde og folk elles.
- bidra til at nettbrukarane i større grad kan hjelpe seg sjølve.
Fagforbundet.no skal ikkje vera ei nettavis, men ein nettstad der medlemmer, tillitsvalde og andre kan finne svar og løysingar på det dei lurer på. Nettsidene skal bidra til å synleggjera dei ulike yrkesgruppene i Fagforbundet, styrke yrkesidentiteten til medlemmene og verve nye medlemmer. Nettsidene til forbundsregionane og foreiningane skal gjera det lettare for medlemmene å få kontakt med sine tillitsvalde, eller bli leia vidare til svar på det dei lurer på. Det er framleis den enkelte fagforeininga og forbundsregionen som skal ha ansvaret for lokalt innhald.
Fagforbundet skal i 2022 ta i bruk chatbot, ein «snakkerobot», som blir tilgjengeleg for alle som besøker nettsidene til Fagforbundet. Han skal gi raskt svar på enkle spørsmål som gjeld Fagforbundet og skal leite opp svar frå informasjonskanalane til forbundet og andre kjelder. Medarbeidarar i Fagforbundet skal kunne overta der chatboten ikkje kan svare.
Tiltak:
Fagforbundet skal:
- bruke nettsidene til å vise kva Fagforbundet brenn for, og få fram engasjementet for rettferd i arbeids- og samfunnslivet, og internasjonal solidaritet.
- gi medlemmene hjelp til sjølvhjelp på nettsidene, både til å handtere eige medlemskap og finne svar på spørsmål dei lurer på.
- oppdatere dei ulike yrkessidene kontinuerleg.
- utvikle nettsidene visuelt.
- gi tillitsvalde tilgang til verktøy og malar som gjer det lettare å publisere på nettsidene.
Fagforbundet skal bruke sosiale media til å kommunisere med følgarar, folk som er nysgjerrige på Fagforbundet og moglege medlemmer. Vi skal også vera til stades for medlemmer og tillitsvalde som ønsker å bruke sosiale media til å kommunisere med oss. Sosiale media skal nyttast til verving, og for å nå fram til ulike grupper med sakene og synspunkta til forbundet.
LOs medievaneundersøking viser at medlemmene til Fagforbundet nyttar sosiale media for å få informasjon om fagrørsla. Etter Fagbladet, er nettsida og sosiale media dei viktigaste kjeldene til slik informasjon for medlemmene. Undersøkinga viser at Facebook er det sosiale mediet våre medlemmer nyttar mest. Rundt 80 prosent av LO-medlemmene (nær halvparten er med i Fagforbundet), er aktive på sosiale media og om lag halvparten skriv eller produserer innhald. 41 prosent seier at dei forventar å finne informasjon frå fagrørsla på Facebook.
Samtidig som Facebook er dominerande, går bruken av andre sosiale media kraftig opp. Rundt 60 prosent av LO-medlemmene er no aktive på Snapchat, 40 prosent på Instagram og 30 prosent på YouTube. Ni prosent av LO-medlemmene følger Twitter aktivt. Unge medlemmer er vesentleg meir aktive på Snapchat, Instagram og YouTube enn eldre.
Strategien til Fagforbundet er å vera til stades i sosiale media der vi når fram til medlemmene, potensielle medlemmer og folk flest. Derfor vil vi også framover prioritere bruk av Facebook framfor andre sosiale media. Vi skal vera aktive på Facebook for å skape debatt og merksemd om Fagforbundet og det forbundet står for. Målet er å opplyse, skape engasjement, styrke identiteten til medlemmene og bidra til å sette dagsorden for den offentlege samtalen. Fagforbundet skal også nytte seg av betalt annonsering på sosiale medier for at innlegg skal nå fram til fleire.
Fagforbundets nasjonale Facebook-side har i overkant 53.000 følgarar, og i tillegg har yrkesseksjonane, forbundsregionane, mange av foreiningane og andre organisasjonsledd eigne Facebook-sider. Dei mest populære innlegga på den nasjonale sida kan nå opp mot ein million brukarar, og skaper tusenvis av «likar-klikk», reaksjonar og delingar. Det er eit viktigare mål at følgarane er aktive enn at Fagforbundet har flest mogleg følgarar, blant anna fordi Facebook fungerer slik at dette gjer det lettare å nå ut til fleire med innlegga og postane.
Fagforbundet nasjonalt produserer dagleg innhald til Facebook dagleg som når ut til relativt mange. Likevel kan vi nå langt fleire i målgruppene til forbundet gjennom Facebook. Det er behov for å styrke kompetansen rundt publisering i Facebook og andre sosiale media i alle ledd av organisasjonen. På nasjonalt plan inneber det å produsere meir multimedialt innhald, der vi nyttar grafikk, animasjon og film i større grad enn i dag. Dessutan må det utviklast verktøy og malar som gjer at tillitsvalde lettare kan produsere innhald som når fram til fleire.
Nasjonalt er Fagforbundet også til stades på Instagram (i overkant av 6700 følgarar), Snapchat, YouTube og Twitter (om lag 6200 følgarar). Fagforbundet skal i åra framover nytte Snapchat og Instagram meir enn i dag. Vi skal framleis bruke Twitter i nokon grad, særleg for å nå politikarar og journalistar.
Bruken av podkast er stigande blant medlemmene. LOs medievaneundersøking viser at 17 prosent av medlemmene opplyser at dei nyttar podkast. Likevel hentar få informasjon om fagrørsla i podkastar, og berre ein prosent av medlemmene ventar å finne slik informasjon i podkastar. Fleire tillitsvalde ønsker at Fagforbundet skal ta i bruk podkast, og det er sett i gang arbeid med dette i administrasjonen og lokalt. Podkast kan fungere særleg godt til medlemsopplysing og opplæring av tillitsvalde. Samtidig er det relativt kostnads- og tidkrevjande å produsere ein podkast som når fram til mange.
Tiltak
Fagforbundet skal:
- styrke aktiviteten i sosiale media, og særleg prioritere Facebook og Instagram. Det er eit mål å få fleire følgarar og auka brukarengasjement.
- utarbeide eit strategidokument for bruken av sosiale media i løpet av 2022.
- arbeide for at følgarane våre i sosiale media i enda større grad deler innhald frå Fagforbundet.
- utvikle fleire verktøy som tillitsvalde kan nytte for å nå fram i sosiale media.
- samarbeide med Fagforbundet Ung om aktivitet på Instagram, Snapchat og YouTube.
- vurdere korleis ein skal styrke aktiviteten på Snapchat, Tik Tok og YouTube. Eitt alternativ er å gå saman med LO eller andre forbund for å skape ein «digital tillitsvald» i desse kanalane.
- systematisere bruken av betalte innlegg på Facebook, Instagram og Snapchat.
- vurdere bruken av podkast og film som ein del av tillitsvaldopplæringa i forbundet.
- styrke opplæringa i bruk av sosiale media i kommunikasjonskursa.
Fagforbundet skal drive aktivt mediearbeid for å styrke interessene til medlemmene og organisasjonen. Vi ønsker å sette dagsorden i samfunnsdebatten, synleggjere våre viktigaste saker og bygge et betre omdømme for hele organisasjonen. I dag oppnår Fagforbundet omfattande medieomtale både i nasjonale, regionale og lokale media, viser mediedatabasen Retriever.
Medievanane til folk flest er i endring. Det har vore eit markant fall i lesinga av papiraviser, og nettutgåvene til avisene har berre i nokon grad kompensert for dette. Likevel brukar 83 prosent av befolkninga norske aviser på nett eller papir kvar dag, og 67 prosent brukar det digitale innhaldet til avisene, viser undersøkinga Forbruker & Media. Størsteparten av avislesinga skjer no på mobiltelefonar, samtidig som det blir mindre bruk av lineær («direkte») bruk av radio og fjernsyn. Den same endringa i mediabruken skjer blant medlemmene i LO og Fagforbundet, viser LOs medievaneundersøking.
Endringane i mediebransjen har gitt redaksjonane vesentleg mindre ressursar og færre journaliststillingar. Dette har ført nedprioritering av stoff om arbeidsliv og fagrørsla. Samtidig er det stor interesse for dette stoffet, noko fagblada og Fri fagbevegelse har utnytta i digitale kanalar. Nedskjeringane i dei tradisjonelle massemedia, gjer at Fagforbundets og fagrørslas eigne kommunikasjonskanalar har vorte viktigare for å nå ut til både medlemmer, potensielle medlemmer og folk flest.
Fagforbundet skal vera bevisste på kven vi vil nå med kva bodskap, og ut frå dette prioritere kva media vi vil bruke lokalt, regionalt og nasjonalt. I nokre samanhengar skal vi nytte kronikkar og debattinnlegg, men vi når ut til fleire ved å skaffe oss redaksjonell omtale.
Tiltak
Fagforbundet skal:
- arbeide for meir omtale i massemedia av medlemmene, dei tillitsvalde og forbundet, og av meiningane våre.
- utarbeide kronikkar og debattinnlegg i særleg viktige saker, blant anna på bakgrunn av vedtak i landsstyret.
- republisere eller dele mediesaker om Fagforbundet gjennom eigne kanalar.
- syte for at forbundsregionar og foreiningar får bistand til mediehandtering frå den sentrale informasjonsavdelinga ved behov.
- tilby tillitsvalde i dei ulike forbundsregionane kurs i kommunikasjons- og mediearbeid minst annakvart år.
- utarbeide «mediepakkar» som kan nyttast av forbundsregionar og foreiningar i særleg viktige saker, som for eksempel kampen for heile, faste stillingar. Deltidsrappotene frå valkampen i 2021 er eit eksempel på dette.
- utarbeide ein oversikt over medlemmer frå heile landet, og frå ulike yrke, som ønsker å representere Fagforbundet mediesaker.
Fagforbundet skal forsterke arbeid med kommunikasjonsarbeid gjennom eigen organisasjon. Kommunikasjons- og informasjonsarbeid skal vera ein del av planarbeidet til fagforeiningane og forbundsregionane i Fagforbundet, og vera ein naturleg del av fagforeiningsarbeidet.
Fagforbundet skal fokusere på positive saker og skryte av sigrane våre, men også vera tydelege på standpunkta våre. Heile organisasjonen vera førebudd på å støtte opp under fagforbundets politikk og bodskap, noko som gjer det viktig å systematisere og koordinere informasjonsarbeidet.
Tiltak:
Forbundsregionane skal:
- styrke informasjonsarbeidet ved å utvikle og vedta eigne informasjonsplanar i 2022 og 2023.
- styrke det lokale og regionale mediearbeidet ved at forbundsregionane vurderer å gi tillitsvalde eit hovudansvar for mediearbeid, eller set av stillingsressursar til medie- og kommunikasjonsarbeid.
- legge til rette for at alle ledd i forbundsregionen driv eit aktivt arbeid mot massemedia. Tillitsvalde og tilsette skal ta kontakt med redaksjonar for å følge opp saker som er publisert og forsøke å reise nye saker.
- bidra til at fagforeiningar prioriterer tid til mediearbeid.
Fagforeiningane skal:
- vurdere å utarbeide og vedta informasjonsplaner og/eller informasjonstiltak.
- legge vekt på at medlemmer og lokale tillitsvalde blir sentrale i mediedekkinga.
- bidra til at tillitsvalde lokalt prioriterer tid til mediearbeid.
Fagforbundet fekk i 2021 eit nytt intranett, som skal få fram nyheiter til tilsette og dei fremste tillitsvalde. Intranettet hjelpe tilsette og dei fremste tillitsvalde til å finne verktøy og tenester dei treng i arbeidet sitt. Fagforbundet skal auke bruken av intranett i 2022.
Tiltak:
Fagforbundet skal
- utarbeide ein plan for intern kommunikasjon i løpet av 2022.
- gjennomføre ei undersøking om bruken av intranettet i 2022, med sikte på å betre tilbodet.
Fagforbundet driv omfattande kommunikasjonskampanjar, blant anna i samband med val, tariffoppgjer, landsmøte og verving. I dag fungerer desse som enkeltståande kampanjar, der kampanjegrupper blir bygd opp og lagt ned. Det er eit mål at Fagforbundets kampanjearbeid fungerer meir kontinuerleg, slik at valkampanje blir avløyst av vervekampanje, tariffkampanje, ny valkampanje, landsmøtekampanje osv.
Tiltak:
Fagforbundet skal:
- gjennomføre ein tariffkampanje fram mot tariffoppgjeret. Kampanjen gjera yrkesgruppene til fagforbundet meir kjente, gjera medlemmene stolte over yrket sitt, styrke forhandlingsposisjonen og og profileringa av Fagforbundet fram mot landsmøtet hausten 2022.
- utarbeide ein profileringsstrategi.