Til hovedinnhold

Fagforbundets prinsipp- og handlingsprogram 2022 - 2025

Vedteke på Fagforbundets 5. ordinære landsmøte 17.-21. oktober 2022.

Prinsipprogram

Verdigrunnlag
Demokrati og politisk styring
Sterke faglege rettar
Rettferdige løns- og arbeidsvilkår
Likestilling
Internasjonal solidaritet
Offentlege tenester med god kvalitet
Klima og miljø
Alliansar

Handlingsprogram

Tariffpolitikk
Pensjon
Likestilling
Livslang læring
Arbeidsmiljø
Velferd og offentleg sektor
Digitalisering
Næringspolitikk og sysselsetting
Klima og miljø
Kulturelt mangfald
Alliansebygging
Solidaritet og internasjonalt arbeid

 

Prinsipprogram

Verdigrunnlag

Fridom, likskap og solidaritet er dei berande ideane i arbeidarrørsla som Fagforbundet byggjer politikken vår på. Fagforbundet er ein kamporganisasjon som arbeider for å vidareutvikle og tryggje den norske arbeidslivsmodellen og velferdsstaten.

Fridom er mykje meir enn berre fråvær av tvang. Fridom er tryggleik, moglegheiter og rettar. Derfor er kampen for velferdssamfunnet ein kamp for å gi den einskilde større fridom. Arbeid er ein grunnleggjande menneskerett og eit viktig grunnlag for den einskildes velferd, fridom og moglegheiter til å utfalde seg.

Likskap er grunnlaget for menneskeleg fridom. Samfunnet må derfor utformast slik at alle får likeverdige levekår, uavhengig av etnisk eller kulturell bakgrunn, alder, kjønnsidentitet, funksjonsnivå, seksuell orientering, religion eller livssyn.

Solidaritet er å stå saman for å skape ei betre felles framtid. Kampen mot undertrykking, rasisme, hatefulle ytringar og diskriminering er ei prioritert oppgåve.

Gjennom omtanke, samhald og solidaritet vil Fagforbundet styrke medlemmane sine løns- og arbeidsvilkår. Det skal vi gjere ved å sikre eit seriøst og velfungerande arbeidsliv. Eit solidarisk samfunn er ein velferdsstat med universelle ordningar som òg sikrar dei som står utanfor arbeidslivet verdige og trygge liv.

Demokrati og politisk styring

Demokrati er den beste garantien for fridom, likskap og solidaritet. Eit levande folkestyre blir sikra gjennom eit desentralisert lokaldemokrati. Fagforbundet jobbar for å vidareutvikle dei demokratiske tradisjonane i samfunnet gjennom nasjonal politikk, lokalt sjølvstyre og representasjon i folkevalde organ. Eit levande folkestyre føreset engasjement og deltaking frå alle grupper i befolkninga. Tre folkevalde forvaltningsnivå er ein føresetnad for eit godt og desentralisert lokaldemokrati.

Sterke faglege rettar

Fagrørsla har over mange år opparbeida og framforhandla viktige rettar. Dei mest grunnleggjande er organisasjonsretten, forhandlingsretten og streikeretten. Samarbeid og alliansar med politiske parti og ulike organisasjonar sikrar at desse rettane vart bevart og styrka. All rett til medbestemming og innflytelse må forsterkast.

Rettferdige løns- og arbeidsvilkår

For å sikre ei rettferdig fordeling av samfunnsgoda, skal Fagforbundet vere ein handlekraftig arbeidstakarorganisasjon som arbeider aktivt for ein lønspolitikk som reduserer lønsforskjellane i Noreg. Lønspolitikken skal byggje på prinsippet om sentrale kollektive avtalar, likestilling og lik løn for arbeid av lik verdi på tvers av sektor og yrke. Desse prinsippa blir undergravne av ordninga med lokale forhandlingar i offentleg sektor.

Utdanning og livslang læring skal vere ein rett og reell moglegheit for alle, uavhengig av sosial bakgrunn og økonomiske evner. Fagforbundet skal bidra til samspelet mellom økonomien, arbeidslivet og velferdsstaten for å sikre velstand, høg sysselsetting og små forskjellar.

Fagforbundet meiner at alle må sikrast ein god og verdig pensjon, uavhengig av aldersgrenser. Fagforbundet legg til grunn at det i framtida vil vere viktig å sikre gode ordningar for særaldersgrenser.

Likestilling

Likestilling skal vere eit gjennomgåande prinsipp, som sikrar alle like moglegheiter til arbeid, karriere og familieliv. Det er ein menneskerett å ha moglegheit til eit godt arbeidsliv. Dette inneber rett til heil og fast stilling, ei løn å leve av, ein jobb å leve med og eit verdig tilvære som pensjonist.

Internasjonal solidaritet

Fagforbundet er del av ei stor internasjonal fagrørsle med felles verdigrunnlag. Solidariteten i fagrørsla strekkjer seg utover landegrensene, til alle dei som kjempar for faglege rettar, mot undertrykking, utbytting og naud. Eit solidarisk samfunn, nasjonalt og internasjonalt, fremjar demokrati og folkestyre.

Samarbeid på tvers av landegrensene ved aktivt deltaking i den Internasjonale Arbeidsorganisasjonen (ILO) og internasjonale arbeidstakarorganisasjonar, er ein føresetnad for at faglege rettar blir gjeldande for arbeidstakarar i alle land.

Offentlege tenester med god kvalitet

Fagrørsla har vore sentral i oppbygginga av den norske velferdsstaten basert på solidaritet og kollektive løysingar. Ein sterk offentleg sektor er ein føresetnad for rettferdig fordeling og for å sikre alle like moglegheiter til utdanning, helsetenester, økonomisk og sosial tryggleik.

Offentlege tenester eigde, drifta og finansiert av det offentlege er garantisten for at alle får tilgang til tenestene. Privatisering, konkurranseutsetting og utskiljing av offentlege tenester er ikkje løysinga på framtidas utfordringar. Profitt på velferdstenester må bli forbode.

Trepartssamarbeidet er viktig for å sikre offentlege tenester med høg kvalitet og ivareta verdiskaping og fordeling. Ved å sikre medverknad og vise tillit til den einskilde tilsette får ein trygge, motiverte og godt kvalifiserte medarbeidarar.

Klima og miljø

Livsgrunnlaget for den noverande og framtidige generasjonar blir sikra gjennom offentleg eigarskap og kontroll over våre eigne naturressursar, satsing på fornybar energi og gjennom å redusere forureininga.

Ein aktiv miljø- og klimapolitikk er ein føresetnad for å forvalte naturressursane på ein berekraftig måte og bevare det biologiske mangfaldet. Fagrørsla har ei sentral rolle i arbeidet for ei grøn omstilling som sikrar ei rettferdig fordeling av byrdene. Ei berekraftig utvikling byggjer òg på globalt samarbeid og forpliktande internasjonale avtaler.

Alliansar

Fagforbundet når sine målsettingar i samarbeid med andre. Det er viktig med eit godt samarbeid med politiske parti og organisasjonar som deler ideologien og verdiane til Fagforbundet.

 

Handlingsprogram

Tariffpolitikk

Fagforbundets tariffpolitikk byggjer på den frie forhandlingsretten, ein solidarisk lønspolitikk og rettferdig fordeling av samfunnsgoda. Våre tariffkrav skal ivareta alle tariffområde der vi har medlemmar og ha ei brei samfunnsmessig innretning. Dette gjer ein best ved å ha tillitsvalde på alle område.

Fagforbundet stør frontfagsmodellen, kor konkurranseutsett næring set norma for inntektsutviklinga i andre område. Dette krev likevel ei rettferdig fordeling mellom sektorar og yrkesgrupper, for å hindre at enkelte område systematisk får lågare lønsvekst enn andre.

Forskjellane i Noreg aukar. Leiarar skal ikkje vere lønsvinnarane i tariffoppgjera framover. Små lønsforskjellar er viktig for å sikre lojaliteten til tariffsystemet.

All lønsdanning skal sikre ein solidarisk lønspolitikk, rettferdig fordeling og utjamning av sosiale forskjellar gjennom kollektive avtalar. Som hovudregel skal den generelle lønsdanninga skje gjennom kollektive, sentrale avtalar.

Trepartssamarbeid er nøkkelen i den norske modellen. I offentleg sektor er trepartssamarbeidet eit konstruktivt samarbeid mellom dei folkevalde, administrasjonen og dei tillitsvalde. Fagforbundet vil styrke og vidareutvikle dette samarbeidet på alle nivå i offentleg sektor.

Fagforbundet jobbar for at offentlege tenester ikkje blir konkurranseutsette og privatiserte. Som motsats til New Public Management vil Fagforbundet arbeide for ei tillitsbasert styring og leiing av offentleg sektor.

Arbeidsmarknadskriminalitet og sosial dumping er eit aukande problem i norsk arbeidsliv, og utgjer ein trussel mot velferdsstaten, det organiserte arbeidslivet og tariffavtalane. Fleire arbeidsgjevartilknytingar enn tidlegare, set inngåtte tariffavtalar under press.

Fagforbundet vil sikre retten til arbeidskamp, mellom anna streik, sympatistreik, blokade og boikott. Fagforbundet vil arbeide for å forsterke hovudavtalane og overeinskomstane si betydning og tillitsvalde sine rettar og pliktar.

  • Arbeide for å sikre at offentleg sektor krev anstendige løns- og arbeidsvilkår for arbeidstakarar i bedrifter som leverer tenester til det offentlege.

I konkurransen om dei billigaste tenestene blir løns- og arbeidsvilkåra til arbeidstakarane angripne. Problemet må nedkjempast for å sikre tariffløn og pensjonsrettar for alle. Ved skifte av tariffavtale skal partane i den einskilde verksemda avtale kva løns- og arbeidsvilkår, samt pensjons- og forsikringsvilkår, som skal vidareførast.

Føresegna i arbeidsmiljølova om verksemdsoverdraging må styrkast for å sikre eit betre vern for arbeidstakarane, slik at dei betre tek hand om mellom anna AFP og pensjon. Dette er spesielt viktig for arbeidstakarar med kort oppteningstid. Alle skal ha moglegheit til å stå i arbeid fram til oppnådd aldersgrense.

Fagforbundet vil jobbe for at alle offentlege arbeidsgivarar vedtek føresegn om seriøsitet som skjerpar krava ved utlysing av offentlege anbod, og utarbeiding av ein Noregsmodell.

Fagforbundet vil kjempe for at viktige føresegner i avtaleverket ikkje skal forringast ved skifte av tariffområdet, og vil ta i bruk kampmiddel om naudsynt. Streikebryting er uakseptabelt. Streikeretten er naudsynt for å ta hand om interessene til arbeidstakarane og må ikkje bli svekt ved bruk av tvungen lønsnemnd.

Fagforbundet vil jobbe for at det på alle våre område blir etablert eit godt og systematisk partsarbeid. Selskapsformer med ulike reglar for medbestemming krev at tillitsvalde får naudsynt kunnskap om ulike avtalar på eit tidlegast mogleg tidspunkt. Lovfesta rett til innsyn og medverknad i anbods- og kontraktsforhandlingar er ein føresetnad. I alle omstillingsprosessar må påboda i Grunnlova om medbestemming bli fylgt opp. Openheit og demokrati i avgjerdsprosessar må bli tatt hand om på lik line med innsynsrett og forhandlingsrett.

  • Arbeide for at tillitsvalde og tilsette vart sikra reell medbestemming og innflytelse i saker.
  • Arbeide for å sikre tillitsvalde i alle tariffområde rett til permisjon med løn for å ivareta verva sine.

Fagforbundet meiner at offentleg sektor har eit spesielt ansvar for å sikre like vilkår for arbeidstakarane og å forvalte fellesverdiane i samfunnet. All arbeidsformidling skal skje vederlagsfritt og som hovudsak i offentleg regi. Innleige av arbeidstakarar gjennom bemanningsbyrå undergrev norsk arbeidsliv og må avviklast. Dessutan må innleige handterast i tråd med norsk lov- og avtaleverk og internasjonalt regelverk. Hovudregelen må vere fast tilsetting og full stilling.

  • Arbeide for at ILO-konvensjon nr. 94 blir fylgt opp for å sikre at det vart stilt krav om tariffavtale hos kontraktørar og underleverandørar ved innhenting av anbod.

Arbeidsmarknaden i Noreg er kjønnsdelt. I kvinnedominert sektor ser vi ein kultur for å jobbe deltid kor den einskilde arbeidstakar sjølv må krevje rett til heil stilling. Samstundes er det stor bruk av ekstravakter. Alt for mange stillingar blir lyste ut som deltid. Fagforbundet skal jobbe for ein heiltidskultur i heile arbeidslivet, gjennom eit aktivt trepartssamarbeid. 

  • Fagforbundet krev lovheimla rett til heil stilling.
  • Fagforbundet skal jobbe for at det i statsbudsjettet blir sett av pengar til arbeidet med heiltidskultur.

Det kjønnsdelte arbeidslivet fører òg til at kvinnedominerte yrke har lågare løn og status. Stillingsvurdering, kvotering, rekruttering til leiarstillingar og kompetanseheving er viktige verkemiddel i kampen for likeløn.

Fagforbundet vil arbeide for ein reform som inneheld ein arbeidstidsreduksjon med full lønskompensasjon, til dømes seks timars arbeidsdag. Reforma må ha eit heilskapleg perspektiv og byggje på erfaringar frå nasjonale og internasjonale forsøk. Ved revidering av Arbeidsmiljølova vil Fagforbundet krevje at alle typar turnusordningar blir likestilte med skiftarbeid.

  • Fagforbundet vil arbeide for ein lovrevisjon av normalarbeidsveka, slik at ho blir redusert frå 40-timars veke til 37,5-timars veke.

Pensjon

Fagforbundet vil at folketrygda skal vere den sentrale berebjelken i pensjonssystemet. Folketrygda skal ivareta alle og bidra til å utjamne økonomiske forskjellar. Fagforbundet vil at folketrygda skal sikre eit minste pensjonsnivå minst på anerkjende fattigdomsnivå.

Reglane for levealdersjustering må tilpassast slik at dei sikrar yngre årskull, og personar som ikkje kan kompensere fullt ut for levealdersjusteringa, ein god pensjon. Uføre må skjermast for levealdersjusteringa. Dei uføre må sikrast ei opptening og alderspensjon på nivå med yrkesaktive.

Pensjonssystemet må for yrkesaktive kompletterast med vidareføring av AFP på dagens nivå, i tillegg til tenestepensjonar, som gjer at yrkesaktive kan vente ein samla pensjon på minst 2/3-delar av løn etter ei normal yrkeskarriere.

  • Arbeide for å styrke pensjonsrettane til medlemmane i alle tariffområde.
  • Arbeide for at uføre blir skjerma for levealdersjustering

Yrkesaktive som har krevjande fysiske og/eller psykiske jobbar, jobbar der det blir sett helsemessige krav av omsyn til tryggleik, eller har lange yrkeskarrierar, må sikrast ein pensjon på minst 2/3-delar av løn frå eit tidlegare tidspunkt. Dette inneber at særaldersgrenser og slitartillegg/overgangstillegg må vidareførast på eit tilstrekkeleg nivå for desse gruppene.

Fagforbundet føreset at reglar for desse gruppene blir forhandla og vidareførte i tråd med det partane blir samde om. Dette må vere på plass før ein vedtek nye aldersgrenser.

Fagforbundet meiner at tenestepensjonar skal vere livsvarige og kjønnsnøytrale, og at dei skal vere ein del av tariffavtalane. All inntekt skal vere pensjonsgivande. Sparesatsane i obligatorisk tenestepensjon må aukast, og det må innførast obligatorisk uførepensjon.

Fagforbundet vil at behovet for pensjon til barn og attlevande blir vidareført og vurdert i lys av endringane i folketrygda. Når det kjem til pensjon er det behov for likehandsaming av ulike formar for samliv.

Fagforbundet vil, gjennom Pensjonistforbundet, arbeide for at forhandlingsrett for pensjonistar på trygdeoppgjera blir gjeninnført.

Fagforbundet vil arbeide for betre fellesordningar både i privat og offentleg tenestepensjon, og at forvaltning og administrasjon av pensjonsordningane skal skje i pensjonskassar/gjensidig eigde selskap der medlemmane har innflytelse.

  • Arbeide for at samla pensjon ved normal yrkeskarriere skal gi ei inntektsdekning på minst to tredjedelar av løna. Pensjonsordningane skal vere kjønnsnøytrale og livsvarige.
  • Arbeide for at alle, uavhengig av lønsnivå og stillingsstorleik skal vere omfatta av lov- eller avtalefesta pensjonsordningar som sikrar ein pensjon på minst to tredjedelar av inntekt.
  • Arbeide for betre pensjonsordningar og forvaltning i pensjonskassar/gjensidige selskap.

Likestilling

Det er framleis store utfordringar i likestillingsarbeidet i Noreg. Forskjellar i arbeids- og samfunnsliv gir ulik fordeling av inntekt, karriere og makt i favør av menn. Ulik verdsetting av manns- og kvinneyrke bidreg til å oppretthalde eit kjønnsrelatert forsørgjar- og omsorgsmønster. Likestilling mellom kjønna er ein føresetnad for å oppnå like rettar og pliktar i samfunnet, arbeidslivet og heimen.

Økonomisk sjølvstende er den viktigaste føresetnaden for likestilling. For å sikre økonomisk sjølvstende, må arbeidet med kjønnsnøytrale pensjonsordningar, likeløn, lågløn og retten til heile stillingar bli prioritert. Fagforbundet er imot kontantstøtte, og meiner ordninga er eit tilbakesteg for likestilling i arbeidslivet. Like rettar og pliktar må òg gjelde ved omsorg for barn.

  • Arbeide for at kvinner og menn skal ha like høve til å delta i arbeids-, samfunns- og organisasjonsliv.
  • Arbeide for at kontantstøtteordninga blir nedlagt.
  • Arbeide for at likestillingslova blir styrkt.

Det er mange former for diskriminering i Noreg. Funksjonshemma, innvandrarar, LHBTIQ-befolkninga og etniske minoritetar er òg diskriminerte i det norske samfunnet. Fagforbundet tek eit aktivt standpunkt mot alle former for diskriminering.

  • Arbeide for at norskopplæringa til minoritetsspråklege blir styrkt og forbetra.
  • Arbeide for eit universelt utforma samfunn.
  • Arbeide for at det blir innført eit tredje juridisk kjønn.

Retten til permisjon ved svangerskap og fødsel har eit klart kjønnsperspektiv. Det gjeld både helseperspektivet for mor og barn, og sosial beskyttelse for mødrer. Kvinner har derfor eit særskilt vern i norsk lov som skal ivareta andre forhold enn omsorgsansvaret.

Endring av rettar til foreldrepermisjon er omfattande, og kan ikkje gjennomførast utan at både kvinner og menn si stilling blir teke vare på. Skal fedrar og medforeldre ha eit reelt høve til å ta større del av omsorgsansvaret, må retten til foreldrepengar vere knytt til eiga inntekt.

  • Arbeide for å auke lengda av foreldrepermisjonen, ei likare deling av foreldrepermisjonen og kvinners rettar ved svangerskap og fødsel.
  • Arbeide for at fedrar/medforeldre opparbeider sjølvstendig rett til foreldrepengar.

ILO-konvensjonen for barsel og svangerskap (nr. 183) krev at gravide i arbeidslivet blir beskytta, og at alle kvinner har rett til fødselspermisjon før og etter fødsel, tilgang til helseordningar og pausar til amming. Det er eit mål at målsettingane til konvensjonen blir innfridd.

Forskjellane i helsetilbodet for kvinner og menn fører til ulik behandling for same sjukdom. Sjukdomsbileta og lidingane til kvinner har lågare status, og forsking, diagnostisering, medisinering og behandling tek i for stor grad utgangspunkt i lidingane og sjukdomsbileta til menn. Såkalla «ubestemte helseplager» og muskel- og skjelettlidingar blir ikkje definerte som yrkesskade-/sjukdom, og gir ikkje rett til yrkesskadeerstatning. Fagforbundet meiner at jobbrelaterte skadar og sjukdommar må sidestillast med andre typar yrkesskade.

  • Arbeide for at psykiske og fysiske belastningslidingar gir rett til yrkesskadeerstatning.

Vald i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem, og ei krenking av menneskerettane. Personar som blir utsette for vald kan ha lågare yrkesdeltaking og dårlegare helse, og det er viktig at alle kommunar får oversikt over omfanget i sin kommune.

  • Arbeide for at alle kommunar aukar kompetansen og etablerer tiltak mot vald i nære relasjonar.

Prostitusjon blir definert som kjøp og sal av seksuelle tenester. Fagforbundet meiner at kommunar og andre offentlege instansar må styrke innsatsen sin på det førebyggjande feltet og etablere tiltak som kan hjelpe menneske ut av prostitusjon. Kvinnefattigdom er den viktigaste rekrutteringsmekanismen for dei som lever i prostitusjon.

  • Arbeide for konkrete tiltak for å førebyggje seksuelle overgrep.
  • Arbeide for konkrete tiltak for å førebyggje prostitusjon.

Livslang læring

Kunnskap er makt, og derfor har lik rett til utdanning alltid vore eit sentralt krav for fagrørsla.

Å oppretthalde ein desentralisert skolestruktur er i denne samanhengen viktig. Utdanning skal vere ein rett og eit reelt høve for alle, uavhengig av sosial bakgrunn og økonomiske evne, eller kor ein bur i landet. For å sikre livslang læring for alle må det i større grad leggjast til rette for desentralisert undervisning og digitale opplæringstilbod.

Alle må sikrast lik rett til grunnskule, vidaregåande opplæring, fagskule, høgskule og universitetsutdanning og etter- og vidareutdanning. Retten må gjelde uavhengig om det er grunn-, etter- eller vidareutdanning. Grunnskule/SFO og vidaregåande opplæring må vere gratis.

Vi må ha eit arbeidsliv som tek i bruk og vidareutviklar kompetansen til den enkelte, og arbeidsgjevar må leggje til rette for fri mød løn til fagleg utvikling.

Barnehagen er ein viktig grunnpilar i den norske velferdsstaten. Alle barn har krav på eit godt offentleg barnehagetilbod. Barnehagen skal gi trygge rammer rundt barna sin frie spontane leik, læring og sosialisering. Det er viktig med tidleg innsats, god omsorg, god fagleg kompetansen og eit tilpassa pedagogisk opplegg der barna står i sentrum. Maksprisen på barnehageplassar må haldast på eit nivå som gjer at alle kan nytte tilbodet.

Den offentlege fellesskulen legg grunnlaget i utdanningssystemet. Eit trygt læringsmiljø er avgjerande for utviklinga til den einskilde og samfunnet. Fleire yrkesgrupper i skulen er viktige for å styrke laget rundt eleven. Fagforbundet ynskjer ein meir heilskapleg skuledag, trygge økonomiske rammer og ein skule der praktisk og efaringsbasert læring bygd på meisterlæretradisjonen blir vektlagt, og som sikrar like høve for alle. Alle elevar i grunnskulen må få tilbod om gratis skulemat kvar dag. Gratisprinsippet i fellesskulen må bli ivareteke.

Skulefritidsordninga (SFO) må gjelde og leggje til rette for alle barn, og bli styrka som ein arena for integrering, leik og læring. Barn og unge med særskilte behov må ha store nok ressursar både i skulen og i SFO. Fagforbundet meiner at SFO-tilbodet må ha ein høg kvalitet i heile landet, og har som mål at tilbodet skal bli gratis.

Ein må styrke heile laget rundt barna og elevane i oppvekstsektoren, mellom anna med fleire fagarbeidarar. Fagforbundet meiner at faglege rettar og pliktar skal vere ein del av læreplanen i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Fråværsreglane i vidaregåande skule må evaluerast for å få til ei betre praktisering.

I vaksen alder er livslang læring ofte knytt til arbeidslivet, med dagleg arbeid som ein viktig læringsarena. Læringa til vaksne er viktig som verkemiddel for sosial utjamning og auka tryggleik. Fagforbundet skal vere ein pådrivar i utviklinga av utdanningstilbod og kompetansetiltak, og skal arbeide for at relevant kompetanse blir nytta av arbeidsgivar og i det einskilde arbeidsfellesskap.

Kvar arbeidsplass skal ha ein kompetanseplan utvikla i samarbeid med tilsette og tillitsvalde. Alle tilsette skal ha rett til relevant kompetanseutvikling og økonomisk utteljing. Gode rammevilkår, stipend- og låneordningar og dekking av utgifter til livsopphald er ein viktig føresetnad for at alle kan nytte aktuelle studietilbod.

  • Arbeide for at utdanning på alle nivå skal vere i tråd med individet, samfunnet og arbeidslivet sine behov.
  • Arbeide for å styrke arbeidsplassbaserte tilbod innan fagopplæring og fagskule.
  • Arbeide for at arbeidsgjevar tilbyr, og legg økonomisk til rette for, naudsynt kompetanseheving for alle tilsette ved reformar, omorganisering og teknologiske endringar.

Det er eit stort behov for fleire lære- og praksisplassar. Prinsippet om rett til læreplass må lovfestast og kvaliteten på opplæringa må sikrast. Offentlege og private verksemder må påleggjast å ta inn lærlingar, for å oppfylle samfunnskontrakten som er underteikna av partane i arbeidslivet. Kvaliteten i fagopplæringa må styrkast gjennom betre tilsyn og seriøsitetskrav.

  • Arbeide for at alle verksemder som tek inn lærlingar må gi ein garanti for at instruktør/rettleiar i størst mogleg grad jobbar saman med lærlingen, har tid nok og kompetanse, irekna relevant fagbrev, til å sikre eit godt fagleg opplæringstilbod.
  • Arbeide for at kontraktørar og underleverandørar skal vere godkjende, aktive lærebedrifter.

Fagskulane skal tilby relevante utdanningar for fagarbeidarar som ynskjer fordjuping og spesialisering i sine fag. Fagforbundet vil arbeide for ei god og føreseieleg finansieringsordning. Overordna styring og finansiering av utdanningssektoren skal vere eit offentleg ansvar.

Fagskulen sin posisjon i utdanningssystemet må styrkast og gjerast meir kjend. Som ein del av dette må det lagast gode overgangsordningar til studium på høgskule og universitet. Fagforbundet vil styrke fag- og yrkesopplæring og rådgivingsteneste i grunnopplæringa. Yrkesfaga må vere attraktive for ungdom og vaksne. Kvaliteten i karriererettleiinga må styrkast, for å bidra til likeverdige, tilgjengelege og godt kjende tilbod for unge og vaksne i alle livsfasar. Dette krev ei rådgivingsteneste kor fleire tilsette har yrkesfagleg bakgrunn.

Fleire yrkesfaglærarar med relevante fagbrev må tilsetjast i fag- og yrkesopplæringa. Fagskuletilboda må vidareutviklast for å gi fleire høve til å byggje på utdanninga si og bli verdsett på lik line som høgskule og universitet. Utdanningssystemet må opnast ytterlegare for å etablere eit mest mogleg saumlaust system. Partane i arbeidslivet er sentrale aktørar i planlegging og iverksetting av etter- og vidareutdanningstiltak.

  • Arbeide for å styrke og synleggjere det offentlege fagskuletilbodet.
  • Arbeide for at det blir oppretta fleire studium gjennom Y-vegen.
  • Arbeide for å opprette nye fag- og sveinebrev på relevante yrkesområde.
  • Arbeide med å kvalitetssikre eksisterande og nye vaksenopplæringsordningar, og sikre at dei er godt nok lagt til rette for dei som ynskjer å gå der.
  • Arbeide for at fagbrev skal gje tilleggspoeng i samordna opptak.
  • Arbeide for å styrke og synleggjere yrkesfaglæraren i skulen.

Vi vil ha eit utdanningssystem som møter framtidas kompetansebehov, til det treng vi framleis gode offentlege og desentraliserte høgskuler og universitet som samarbeider tett med det lokale arbeidslivet. Utdanning skal vere gratis, og Fagforbundet vil jobbe for auka studiestøtte og studievilkår som gir reelt høve til å studere på fulltid.

Utdanningsinstitusjonane skal tilby god og praksisnær undervisning som førebur studentane på arbeidslivet. Fagforbundet skal jobbe for å sikre lik tilgang på oppfølging og rettleiarar for alle studentar gjennom studietida og mot opprettinga av eliteprogram i grunnutdanningane ved universitet og høgskuler.

Fagforbundet jobbar for kvalitetssikring av realkompetansevurdering og dokumentasjon på alle utdanningsnivå og i arbeidslivet. På grunnlag av slik dokumentasjon er det mogleg med opptak til ulike utdanningar, og dette høvet må bli reelt.

  • Arbeide for at ordninga med realkompetansevurdering vart gjennomgått for å oppnå lik praksis uavhengig av utdanningsinstitusjon, auka kompetanse og kapasitet i heile landet.

Forholda må leggjast til rette for at arbeidslivet kan nytte utdanning og arbeidserfaring hos arbeidstakarar med utanlandsk bakgrunn. Prosessen med godkjenning av utanlandsk utdanning må forbetrast og effektiviserast.

  • Arbeide for at utdanning og relevant kompetanse opparbeidd i andre land blir anerkjent og godkjend.
  • Arbeide for gratis obligatorisk opplæring i norsk og samfunnskunnskap for alle minoritetsspråklege som kjem til Noreg.

Det er eit mål at arbeidslivet skal vere lagt til rette for at fleire skal kunne stå lenger i arbeid, og at færre blir støytt ut. Det er eit felles samfunnsansvar å tilby befolkninga ein solid kompetanseutvikling frå barndom til alderdom. Livslang læring er ein naturleg del av livet til den einskilde i samfunn og arbeid.

Arbeidsmiljø

Lovgivinga for arbeidslivet skal leggje ramma for eit godt arbeidsmiljø som tek hand om den sosiale og velferdsmessige utviklinga i samfunnet. Dette inneber at arbeidsmiljølova må styrkast som ei vernelov. Lova skal ta hand om alle arbeidstakarar gjennom aktive tiltak som skal skape helsefremjande arbeidsplassar. Slike arbeidsplassar skal førebyggje belastningar, sjukdom og skade, og dessutan tilby helsefremjande arbeidstidsordningar og arbeidslokale.

  • Arbeide for at alle arbeidstakarar blir sikra ei verneteneste uavhengig av storleiken på verksemda.

Arbeidet med å sikre alle ein trygg arbeidskvardag fri for trugslar, vald og diskriminering. Dette arbeidet må intensiverast slik at risikoen blir redusert. I arbeidssituasjonar med høg risiko for vald og trugslar må det stillast eit krav om god nok bemanning, rett kompetanse og bruk av tekniske hjelpemiddel for å auke sikkerheita. Talet på alvorlege arbeidsrelaterte skader og dødsfall skulda arbeidsrelaterte skader er ikkje redusert dei siste åra, og dette må derfor få eit større fokus.

  • Arbeide for å styrke arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS).
  • Arbeide for at Stortinget vedtek ein nullvisjon om eit arbeidsliv som ikkje fører til tap av liv eller helse

«Me too» har endra haldningar i mange miljø og hos enkeltmenneske, og fleire har hevda at kampanjen markerer eit tidsskilje i likestillingsarbeidet. Fagforbundet må jobbe med konkrete tiltak for å bevisstgjere dette i eigen organisasjon.

  • Arbeide for å styrke tiltak for å førebyggje seksuelle krenkingar og seksuell trakassering i arbeidslivet.

Alle har krav på tilrettelegging for å kunne oppretthalde tilknytinga til arbeidslivet. Det skal bli lagt vekt på den einskilde arbeidstakar sine høve og føresetnadar for å bli inkludert i arbeidslivet. For å oppnå auka sysselsetting av personar med redusert funksjonsevne må ein jobbe for universell utforming av alle arbeidsplassar. Skal ein hindre utstøyting av arbeidslivet må alle formar for diskriminering, mobbing og trakassering bli motverka.

  • Arbeide for ein arbeidslivsreform som tek hand om samspelet mellom arbeidslivet og eit godt privatliv.

For å skape eit betre arbeidsmiljø må informasjons- og skoleringsarbeidet bli intensivert og forbetra. Særleg gjeld dette tema som varsling, psykososialt arbeidsmiljø og ettervern for varslarar. Opplæring av vernetenesta må òg innehalde korleis ein kan førebyggje seksuell trakassering på arbeidsplassen, og korleis varslarar om seksuell trakassering skal bli tatt vare på. Både leiarar, tillitsvalde, verneombod og tilsette må få betre kunnskap om problemstillinga og verkemiddel. For å styrke HMS-kunnskapen må det bli innført ei fleksibel og løpande HMS-opplæring for verneombod, arbeidsmiljøutvalsmedlemmar og leiarar utover den grunnopplæringa som finst i dag.

  • Arbeide for at verneombod og hovudverneombod blir gitt nok tid og betre vilkår til å utføre arbeidet sitt.
  • Arbeide for ei offentleg godkjenningsordning for kurstilbydarar i HMS for å hindre useriøse aktørar.

Velferd og offentleg sektor

Fagforbundet er for ein sterk velferdsstat der gode og ålment tilgjengelege helsetenester, utdanning, folketrygda og andre sikringsordningar gir tryggleik og føreseielegheit for alle. Universelle offentlege ordningar sikrar likeverd og rettferdig fordeling. Kvaliteten i dei offentlege tenestene må vidareutviklast, og det får vi til best når tenestene blir drifta i offentleg regi med eigne tilsette.

  • Arbeide for at offentlege tenester skal utførast av eigne tilsette, med høg kvalitet og forsvarleg bemanning.
  • Arbeide for offentleg eigarskap og folkevald kontroll over infrastrukturen i samfunnet.
  • Arbeide for at det offentlege sitt ansvar for innhenting, framsending og omdeling av brev og pakkar i heile landet blir tatt hand om og utført av Posten Noreg AS.
  • Arbeide for at det blir utarbeidd felles etiske retningsliner som gjeld anskaffing av varer og tenester i offentleg sektor.

Fagforbundet meiner at sjukehusa skal vere eigde og drifta av staten, supplert av tenester frå ideelle aktørar. Forvaltningsstyring må erstatte styringssystem basert på marknadstenking. Fagforbundet vil endre finansieringssystemet, styrke representasjonen til dei tilsette og meiner at auka folkevald styring av sjukehus vil auke den demokratiske legitimiteten. Ei utvikling som styrkar den regionale og lokalpolitiske innflytinga vil auke forvaltings- og samfunnskompetansen i styra. Lokalsjukehus med akuttberedskap og fødetilbod er naudsynt for å oppretthalde levedyktige lokalsamfunn.

Godt samarbeid mellom kommunar og helseføretak er naudsynt for å få ei best mogleg helseteneste. Fleire tilsette, med ulik kompetanse, er avgjerande for eit effektivt og godt helsetilbod. Tilbodet innan psykisk helse må styrkast, både i kommunar og på sjukehus. Dei tilsette skal ha representasjon i formelle samarbeidsorgan som helsefellesskap og liknande.

Kommune- og sjukehussektoren er underfinansiert. Det skapar eit press som fører til sentralisering og konkurranseutsetting. Sterke private aktørar prøver å ta over større kartlagt av offentleg verksemd. Resultatet blir at dei tilsette sine løns- pensjons- og arbeidsvilkår, og kompetanse, blir svekt. I tillegg vil tenestetilbodet til innbyggjarane blir dårlegare. Fagforbundet krev at løyvingane til kommunar og sjukehus står i samsvar med dei oppgåvene og tenestene som dei skal utføre. Fagforbundet ynskjer ei rettferdig økonomisk råmefordeling som tek hand om alle kommunar.

  • Arbeide for ein forpliktande økonomisk opptrappingsplan for offentleg sektor.

Den offentlege beredskapen må styrkast. Forsvaret, helsetenesta, politiet, brannvesenet og andre som har viktige tryggleiksskapande oppgåver, må få meir ressursar. Det må bli utarbeidd ein nasjonal plan for produksjon av smittevernutstyr og naudsynte medisinar. Det må byggjast opp beredskapslager over heile landet som inneheld mat, smittevernutstyr og medisinar for å sikre befolkninga i krisetider.

Auka forskjellar er eit demokratisk problem, og undergrev tilliten mellom oss. Med den norske modellen som grunnmur, må det arbeidast systematisk med rettferdig fordeling og likebehandling. Naudsynt omfordeling er skapar tillit og tryggleik.

Skattesystemet er nøkkelen til rettferdig fordeling, og viktig for å utjamne inntektsforskjellar. Rettferdig skattlegging og at alle bidreg er ein føresetnad for velferdsstaten, og for å sikre offentleg sektor ein økonomi som gjer det mogleg å løyse oppgåvene. Skattesystemet må ikkje svekke inntektsgrunnlaget for fellesskapet.

  • Arbeide for regelverk, kontrollsystem og avgjerdsmakt som sikrar at offentlege middel ikkje endar opp hos private aktørar, i skatteparadis eller hos andre statar.

Fagforbundet er imot eigenbetalingsordningar på viktige velferdstenester. Slike ordningar bidreg til ein usosial profil, og er i strid med prinsippet om lik rett til tenester.

  • Arbeide for å fjerne avgifter, gebyr og eigendelar på velferdstenester.
  • Arbeide for at tannhelse blir likestilt med andre helsetenester.
  • Arbeide for å sikre skattefrådrag for store sjukdomsutgifter.
  • Arbeide for at alle barn under 18 år skal ha krav på gratis synskorrigerande hjelpemiddel ved behov.

Dei lokale NAV-kontora og tenestene må styrkast. Satsane på sosialhjelp som vi har i dag er ikkje til å leve av eller med. Skal sosialhjelpa sikrast på eit godt nok og føreseieleg nivå, må satsane aukast. Inntektssikringa for dei som har eit meir langvarig behov for ytingar må løysast på ein anna måte enn ved sosialhjelp.

Barnetrygda må bevarast som ei universell ordning, den må aukast betydeleg og justerast årleg i tråd med prisutviklinga. Barnetrygda må haldast utanfor inntektsgrunnlaget ved utrekning av sosialstønad.

Gravferd er eit offentleg ansvar. Kistegravlegging og kremasjon må bli likestilt som gravferdsform. Satsane for gravferdsstønad må bli høge nok til å dekke dei faktiske kostnadane.

Sjukelønsordninga er eit kjerneelement i den norske velferdsstaten, og Fagforbundet er mot innføring av karensdagar. Personar med eit langvarig sjukefråvær som følgje av alvorleg sjukdom må særleg bli ivareteke. Fagforbundet vil at det må utbetalast feriepengar av heile sjukelønsperioda, med lik prosentsats som for feriepengar opparbeida i arbeid.

  • Arbeide for ei god sjukelønsordning, og eit sterkt oppseiingsvern for sjukemeldte.
  • Arbeide for at føresegnene i Folketrygdlova om friskmelding til arbeidsformidling blir fjerna.
  • Arbeide for å fjerne karenstida og utvide makstida på arbeidsavklaringspengar (AAP).

Pleie- og omsorgstrengjande skal ha den hjelpa frå det offentlege som deira livssituasjon tilseier. Det offentlege tilbodet skal sikre befolkninga tilgang på forsvarleg støtte og hjelp, uavhengig av buform.

Alle har rett til ein verdig bustad med akseptabel, forsvarleg og trygg standard. Fagforbundet vil jobbe for ein bustadpolitikk som reduserer sosiale og geografiske forskjellar, hindrar segregering i pressområde og legg til rette for utvikling i heile landet.

Fleire må få høve til å eige eigen bustad, og skattepolitikken må bidra til å motverke spekulasjon i bustadar. Bustadsosiale omsyn må sikrast i kommunale planprosessar, og rettane til leigetakarar må styrkast.

  • Arbeide for å styrke rolla til Husbanken i å gi fleire høve til å kjøpe eigen bustad, sikre eigna bustadar for uføre og eldre, og betre tilgang på bustadar i mindre sentrale område.
  • Arbeide for sterkare rettar til leigetakarar og at det blir bygga fleire studentbustadar.
  • Arbeide for nye bustadsløysingar som i dag ikkje blir dekte av det kommunale tilbodet eller sjølveigarmarknaden.
  • Arbeide for å utvide høvet til å ta sosiale omsyn i kommunale planprosessar.

Offentleg sektor har dei siste åra vore prega av målstyring. Tilsette må nytte stadig meir tid på dokumentasjon og rapportering i staden for å nytte det faglege skjønnet sitt til å utvikle tenestene. Styringa av offentleg sektor må baserast meir på tillit, medbestemming, kompetanse og tenesteutvikling.

  • Fagforbundet vil jobbe vidare med ein tillitsreform for heile offentleg sektor.

Digitalisering

Digitalisering fører til endringar i arbeidslivet og stiller nye krav til kompetansen til arbeidstakarane. Digital omstilling må skje på ein måte som tek vare på arbeidstakarrettar, eigarskap og innsyn i data, og som bevarer den norske arbeidslivsmodellen. Det er viktig at det blir lagt til rette for at arbeidstakarane skal kunne gjennomføre oppgåvene med ny teknologi. Derfor er det viktig å styrke den digitale kompetansen.

Den teknologiske utviklinga kan bidra til auka produktivitet i offentleg sektor og betre kvalitet på tenestene. Samstundes må ikkje digitalisering føre til utanforskap. Dei tillitsvalde må få auka digital skolering. Risiko og sårbarheit som kjem med teknologiske løysingar må bli kartlagt. Retten til medbestemming for arbeidstakarane, IKT-sikkerheit og person må bli tatt hand om.

Det må etablerast ei offentleg skyteneste for å sikre at data i det offentlege blir trygt lagra. Det internasjonale arbeidet med personvern og digitalisering må bli styrka. Bruk av kunstig intelligens bør skje på ein transparent og open måte, slik at avgjerder baserte på kunstig intelligens kan etterprøvast.

  • Arbeide for at digital infrastruktur skal eigast og driftast av det offentlege med eigne tilsette, og byggjast ut i heile landet.
  • Arbeide for å opprette eit offentleg tilsyn for bruk av kunstig intelligens.
  • Arbeide for styrking av digital kompetanse hos alle tilsette, tillitsvalde og leiarar.

 

Næringspolitikk og sysselsetting

I eit samfunn er arbeid til alle det beste fordelingspolitiske verkemiddelet. Mange blir støytt ut på grunn av at det blir stilt for høge krav til formell kompetanse, samstundes som det er ei utfordring å skaffe rett arbeidskraft. Både offentlege og private verksemder har eit ansvar for å sikre arbeidstakarane tryggleik for arbeid og inntekt, ved å tilby arbeid av varig karakter, fast tilsetting i heile stillingar og rett opplæring. Fagforbundet må vere ein pådrivar og stille krav om at yngre uføre og menneske med funksjonsnedsetting skal få ei verdig behandling og at dei skal få høve til å kunne vere ein del av arbeidslivet.

Kommunar og fylkeskommunar er sentrale styringsverktøy, ikkje berre for velferdsordningar, men òg for sysselsetting og regional fordeling. For å nå målet om arbeid til alle, er det viktig at kommunane engasjerer seg meir i sysselsettingspolitikk. I den blandingsøkonomien som det norske samfunnet er bygd på, er offentlege og private verksemder avhengige av kvarandre. Finansmarknadane må bli regulerte for å sikre politisk kontroll over økonomisk utvikling og sysselsetting.

Ein aktiv næringspolitikk som sikrar verdiskaping, busetting, arbeidsplassar og ei berekraftig utvikling, er avhengig av eit stort engasjement frå ulike aktørar. Posten Noreg AS er ein slik aktør, og heilt naudsynt for å kunne ha levande distrikt. Ei politisk styrt næringsutvikling må sikrast gjennom folkevalde demokratiske organ med avgjerdsrett.

  • Arbeide for at offentleg sektor blir ein viktig motor i det næringspolitiske utviklingsarbeidet.
  • Arbeide for at det blir utvikla nærings- og sysselsettingsplanar i alle kommunar.

Samspelet mellom næringsutvikling, landbruk og matproduksjon er ein viktig del av distriktspolitikken. Målet er ein nasjonal politikk, med lokal forankring og lokal foredling. Potensialet som ligg i fiskeri, sjømatproduksjon, forsking og utvikling frå havet knytt til bioteknologi, samt frå landbruk, skogbruk, bergverk og mineralutvinning, er viktig både for busetting og ei berekraftig næringsutvikling. Innbyggjarar i strøk med lågare befolkningstettleik må òg kunne nyte godt av dei moglegheiterne ny teknologi gir befolkninga i byar og tettbygde strøk.

  • Arbeide for å sikre arbeidsplassar gjennom ein aktiv distriktspolitikk.
  • Arbeide for å sikre og auke norsk matproduksjon.
  • Arbeide for god infrastruktur som stimulerer til verdiskaping og busetting i distrikta, irekna Nord-Noreg-banen.

Klima og miljø

Miljøutfordringane som kjem i framtida krev at vi tenkjer heilskapleg. Livsgrunnlaget til generasjonane i dag og i morgon må sikrast, ved å ta vare på naturressursane på ein berekraftig måte. vi må bryte med dagens produksjons- og forbruksmønster, og basere økonomisk verksemd på sirkulær utnytting av ressursar gjennom attvinning, attbruk og avfallsreduksjon.

  • Arbeide for ein heilskapleg politikk som foreinar omsynet til miljø, sysselsetting, busetting og velferd.
  • Arbeide for auka satsing på fornybar energi, og påskjønningsordningar som gjer at energisparing blir føretrekt.
  • Arbeide for ein overgang til ei berekraftig ressursutnytting basert på sirkulær økonomi gjennom attvinning, attbruk og avfallsreduksjon.

I løpet av dei neste tiåra må Noreg, og verda, omstillast til å bli lågutsleppssamfunn. For å klare dette er det heilt naudsynt at Noreg får til utsleppsreduksjonar innanlands, i alle sektorar. Noreg må òg bidra til at utviklingsland kan utvikle samfunna sine på ein berekraftig måte, samstundes som dei blir sikra ressursar til å tilpasse seg dei klimaendringane vi ikkje kan unngå. Det er ein føresetnad for utvikling og verdiskaping at olje- og gassutvinninga over tid blir erstatta av andre, berekraftige energiløysingar. Gasskraftverk som blir bygd i Noreg skal vere basert på fullreinsing.

Ein offensiv miljøpolitikk må sjåast i samanheng med utvikling av nye former for produksjon og sysselsetting. Ei storstilt satsing på alternative energikjelder og ny teknologi vil krevje fleire i arbeid i denne sektoren.

  • Arbeide for auka miljøinnsats på tvers av landegrenser.
  • Arbeide for at norsk olje- og gassproduksjon blir trappa ned i tråd med måla i Paris-avtalen.
  • Arbeide for varig vern mot petroleumsutvinning av havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, og andre særleg sårbare område på norsk sokkel.

Ein må sjå klimapolitikken i samanheng med ein aktiv næringspolitikk. Nye klimajobbar må byggje på kompetansen frå dei sektorane der arbeidsplassar går tapt som følgje av naudsynt omstilling. Grøne skattar skal bidra til at det blir lønsamt å nytte miljøvenlege varer og tenester. Auka avgift knytt til forureining, må nyttast til miljø- og energivenlege løysingar og tiltak.

  • Arbeide for at alle verksemder blir miljøsertifiserte.
  • Arbeide for å opprette nye arbeidsplassar innan miljøsektoren.
  • Arbeide for at grøne skattar skal vere progressive og sosialt utjamnande.

Miljøutfordringane er globale og krev både nasjonale og internasjonale løysingar. Råmevilkår for all verksemd må ha internasjonale standardar som sikrar ei berekraftig utvikling. Fagrørsla må spele ei sentral rolle i å utvikle heilskaplege miljøtiltak. Ei offensiv satsing på alternative energikjelder er naudsynt. Dette arbeidet må gå hand i hand med energiøkonomisering. Utsleppsreduksjon og energiøkonomisering er område kor ein kan få best resultat ved å sjå sektorane i samanheng.

Avfallssektoren og attvinningstiltak gir fornybare energikjelder til mellom anna kollektivtrafikken. Staten må sørgje for at biometangass blir utvunnen og utnytta over heile landet, og bidra økonomisk slik at det kan gjennomførast. Ei satsing på energieffektivisering vil gje både mindre utslepp og betre utnytting av ressursane.

Store delar av reduksjonen i klimagassutslepp må skje i kommunane, og energieffektivisering vil vere eit viktig verktøy i denne prosessen. Privatisering og konkurranseutsetting gir svekka høve til styring og er til hinder for å utvikle offentleg sektor i ein klimavenleg retning.

  • Arbeide for å sikre offentleg eigarskap og kontroll med avfallshandtering.

Det er viktig med ein miljømessig tilrettelagt infrastruktur med gode transportløysingar til havs, i lufta og på land. Det må byggjast infrastruktur for elbillading i heile landet. Eit av dei beste miljøtiltaka for å styrke kollektivtrafikken, er å auke kvaliteten og byggje ut tilbodet etter folks behov og reisemønster. Staten må setje inn naudsynte middel til både investering og drift, slik at det blir attraktivt å reise kollektivt, uavhengig av kor folk bur.

  • Arbeide for eit godt kollektivtilbod som skal eigast og driftast av det offentlege, med eigne tilsette.

Kulturelt mangfald

Kunst og kultur tilfører samfunnet og enkeltindivid varige verdiar. Rolla til kulturen i samfunnet må bli tydelegare, verdsetjast og styrkast i offentlege budsjett. Kulturlova frå 2007 pålegg stat, fylkeskommune og kommune å sørgje for at alle får oppleve kultur og delta i kulturaktivitetar, men gir inga føring på innhald og kvalitet.

  • Arbeide for at Kulturlova blir styrkt og konkretisert i forskrift.

Kulturomgrepet famnar breitt, og det er viktig at det blir lagt til rette for at heile breidda av kulturaktivitetar har tilfredsstillande møtestader og aktivitetsarenaer.  Det må leggjast til rette for at alle barn og unge kan vere aktive på ulike kultur- og fritidsarenaer, at desse tilboda blir lovpålagde og at dei tilsette får tilbod om kompetanseutvikling.

  • Arbeide for at grunnleggjande kommunale kulturtilbod får tilstrekkelege ressursar til å fylle funksjonen sin som møteplass og kulturarena.
  • Arbeide for ein god og gratis kulturskule, med fritidsklubbtilbod i alle kommunar.

Kulturtilbod blir utvikla i samspelet mellom kunstnarar, frivillige organisasjonar og det offentlege. I eit stadig meir komplekst samfunn må òg kulturfeltet ha kompetente aktørar.

  • Arbeide for at alle kommunar har naudsynt kulturfagleg kompetanse.

I eit fleirkulturelt samfunn må nye ressursar bli verdsett og takast i bruk. Samstundes må den materielle og immaterielle kulturarven bli verna, som ein plattform for å forstå historia.

  • Arbeide for å synleggjere og ta i bruk ressursane i eit fleirkulturelt samfunn.
  • Arbeide for at kulturen, språket og eigenarta til den samiske urbefolkninga og dei nasjonale minoritetane styrkt. I Noreg er dette kvener/norskfinnar, jødar, skogfinnar, rom og romanifolket/taterar.

Alliansebygging

Fagforbundet skal arbeide for å styrke det fagleg/politiske samarbeidet med politiske parti som deler visjonane og måla til Fagforbundet. Det er viktig å byggje alliansar med arbeidstakarorganisasjonar og andre samfunnsengasjerte aktørar. Deltaking i samfunnsdebatten, både gjennom politisk leiing og lokale tillitsvalde, er vesentleg for å nå dei politiske måla til Fagforbundet.

Solidaritet og internasjonalt arbeid

Globalisering av økonomien, hard internasjonal konkurranse og innstrammingar i offentlege budsjett forverrar forholda for arbeidstakarar over store delar av verda. Kapitalinteresser fortrengjer sosiale, menneskelege og miljømessige omsyn, og bidreg til aukande forskjellar. Mange stader er retten til organisere seg, inngå tariffavtalar og å drive fagleg arbeid forbode, eller sterkt avgrensa. Gjennom fagleg internasjonalt samarbeid vil Fagforbundet kjempe for å byggje ei sterk fagrørsle i alle land. Gode løns- og arbeidsvilkår er avgjerande for å kunne forsørgje familien og ha høve til å la barn gå på skule, og unngå barnearbeid.

  • Arbeide for å sikre retten til å vere fagorganisert.

Selskap som er involverte i krenking av menneskerettane, krenking av rettane til individa i krig eller konfliktsituasjonar, i strid med folkeretten, alvorleg miljøskade eller andre grove brot på grunnleggjande etiske normer, må bli utestengte frå offentlege anbod, innkjøp og pensjonsordningar.

Norske arbeidstakarar blir dagleg påverka av avgjerder som blir fatta i EU, og EU-direktiv innskrenkar nasjonale verkemiddel mot sosial dumping og reduserer faglege rettar og velferdsordningar. Utviklinga av EØS-avtalen har fått eit omfang som går lang utover det som vart førespegla då avtalen vart inngått. Norske styresmakter må sørgje for ei offentleg utgreiing og ein grundig gjennomgang av avtalen, for å sikre den norske arbeidslivsmodellen. Internasjonale handelsavtalar må byggje på openheit og demokratiske prosessar. Fagforbundet er imot mekanismar som avgrensar nasjonal suverenitet og demokratisk styring og kontroll.

  • Krevje at ILO-konvensjonar, norske tariffavtalar og norsk arbeidslivslovgiving blir gitt forrang framfor EU-reglar.
  • Krevje at norske styresmakter aktivt nyttar reservasjonsretten og andre tilgjengelege verkemiddel når faglege rettar og den norske arbeidslivsmodellen blir pressa.
  • Arbeide for at Noreg ikkje blir medlem i EU.
  • Krevje full openheit rundt forhandlingane, og at offentlege tenester frå norsk side ikkje blir opna for utanlandske tilbydarar, under TISA eller andre internasjonale handelsavtalar.

Det er millionar av flyktningar og internt fordrivne menneske i verda, og krigshandlingar er den viktigaste årsaka til dette. Internasjonal solidaritet, internasjonale konvensjonar og medmenneskelegdom tilseier at Noreg skal føre ein human asyl- og flyktningpolitikk nasjonalt og internasjonalt. Ein verdig asyl- og flyktningpolitikk må vere i samsvar med råda frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR). Asylsøkjarar som ikkje kan returnerast må ha tilgang på trygg og god helsehjelp og sikkerheitsnett gjennom det offentlege.

  • Arbeide for at barnekonvensjonen må leggjast til grunn for opphald i landet.
  • Arbeide for ein meir human flyktningpolitikk.
  • Stille seg bak den internasjonale BDS-rørsla (Boikott, Deinvesteringar og Sanksjonar), og arbeide for ein internasjonal handelsboikott av Israel.
  • Arbeide for at Noreg anerkjenner Palestina som eigen stat.

Fagforbundet stør FN-forbodet mot atomvåpen, og vil at norske kommunar skal signere det globale oppropet til ICAN for eit slikt forbod.

  • Arbeide for at alle kommunar signerer ICAN Cities Appeal.
  • Arbeide for at Noreg skal signere og ratifisere det internasjonale forbodet mot atomvåpen.

Utviklinga i Nordområda og Arktis har store nasjonale og internasjonale følgjer. Nordområdepolitikk er òg nasjonal politikk. Noreg har eit ansvar for sosial, miljømessig, og økonomisk berekraftig utvikling gjennom dialog og samarbeid. Gode offentlege tenester og medverknad frå folkevalde organ i nord er avgjerande både for sysselsetting, næringsutvikling, samfunnssikkerheit, beredskap og busetting i nordområda.

  • Arbeide for å styrke Barentssamarbeidet og folk til folk-samarbeidet.
  • Arbeide for at Noreg stør arbeidet med eit internasjonalt forbod mot kull, olje og gassaktivitet i Arktis.
  • Arbeide for å sikre ein desentralisert busettingsstruktur gjennom å tilføre eller flytte fleire statlege arbeidsplassar, god infrastruktur og høg kvalitet på offentlege tenester til dei nordlegaste fylka.
Hei, jeg er Fagforbundets chatbot. Hva kan jeg hjelpe med?